IKKE BRUK IGJEN (koster penger) - erik løfald foto martin riseth

Oppdatert måndag 11. februar:

Innhaldsrik skihelg

Mange lokale skiløpere har deltatt i konkurransar i helga; Midt-Norsk Mesterskap på Røros og Norgescup på Åsen, i tillegg til EM i skiorientering i Tyrkia.

(Ingressfoto: Erik Løfald, foto: Martin Riseth)

Mali Eidnes Bakken Rindal IL ski Midt-Norsk Røros 2019-001_690x686.jpg
Mali Eidnes Bakken (Foto: Rindal IL)

Midt-Norsk Mester
Abel Sæterbø Raaen gjekk heilt til topps og vart mester i Gutter 13 år. Det var ein sterk prestasjon i ein klasse med godt over 40 deltakarar. Olav Fugelsøy  tok ein sterk 4.-plass berre 3 sek frå pallplass. Dermed markerte Surnadal Il seg godt.

Vi må også trekke fram Mali Eidnes Bakken sitt renn på søndag, da ho gjekk inn til 2.-plass og sølvmedalje.

På lørdag var det langdistanse og fri teknikk som stod på programmet. Da var det også Abel og Olav som stod for dei beste prestasjonane. Gutane gjekk inn til 4. og 6. plass i meisterskapet med 45 løparar til start. Her vart Stine nummer 14 i Jenter 16 (21 deltakere), medan Noa endte på ein 17.plass i Gutter 16 år (36 deltakere).

Håkon Bøklep deltok også på kretsrennet som vart arrangert samtidig, og gjekk inn til ein flott 2.-plass i fellesstart søndag i Gutter 12 år. På lørdag vart det ein 5.plass.

Vi lister opp dei beste resultata:

Elles deltok Elise Bakken (J9), Mikkel Bakken (G14), Daniel Ranheim (G15), Even Bakken og Noa Sæterbø Raaen(G16), Stine Fiske og Hedda Aasbø (J16). Elise Bakken deltok på landsrenn, Røros, kl.J9

Sjå fleire bilde: https://www.facebook.com/rindalski/

Norgescup
Erik Løfald og Njål Lundemo Aakvik deltok på Norgescup for junior på Åsen, begge i klassa for 17-åringar.

Fredag vart det arrangert 10 km klassisk, der Erik imponerte med ein sterk 21. plass av 181 påmeldte, 1.23,5 bak vinnaren Aleksander Elde Holmboe frå Bærums Verk Hauger. Njål vart nummer 91, 3.17,6 bak Holmboe.

Njål tok 55.-plassen av 170 under prologen lørdag i skøyting, og Erik gjekk inn til 85.-plass. På søndagens 7,5 km skøyting vart det 53.-plass av 181 på Erik og 81.-plass på Njål.

Trykk her for fullstendig resultatliste frå fredag.
Trykk her for fullstendig resultatliste frå laurdag.
Trykk her for fullstendig resultatliste frå søndag.

IKKE BRUK IGJEN (koster penger) - erik løfald foto martin riseth 2.JPG
Erik Løfald imponerte i Norgescupen for juniorar, spesielt fredag, då han gjekk inn til ein sterk 21. plass (Foto: Martin Riseth).

 

EM skiorientering
Les om innsatsen til medaljegrossisten Lars Hol Moholdt her!

Nedafor kan du sjå bilde frå Surnadal IL Langrenn.
 

noalørdag2
noasøndag
olav
Premieutdeling
Premieutdeling2
stine
stinelørdag-001
abel2
abel3
abellørdag-001
hedda2
hedda3
håkon