Søndag
Søndag Regn
19°
Regn
Svak vind
Mandag
Mandag Delvis skyet
19°
Delvis skyet
Lett bris

Arbeider for friheit, uavhengigheit og fred

Indre Nordmøre forsvarsforening

Indre Nordmøre forsvarsforening (INF) arbeider for å utvikle eit framtidsretta, sterkt forsvar som saman med sivil beredskap er med på å skape trygge og robuste samfunn. Alle som bur på indre Nordmøre og har fylt 16 år, er velkomne som medlemmer i foreninga. Sjå meir om kva foreninga står for og kva dei driv med, ved å klikke deg vidare. Oppdatert program for våren er også lagt ut.

Både Norges Forsvarsforening og dei lokale laga har som formål å arbeide for at forsvarsviljen til ei kvar tid er levande i det norske folk, og for at Noreg må ha eit forsvar som på ein betryggande måte vernar om landet si friheit, uavhendigheit og fred. Desse tre grunnpilarane, friheit, uavhengigheit og fred, meiner foreninga er ein føresetnad for å sikre grunnleggjande rettigheiter for innbyggjarane. For å nå dette målet, er eit truverdig forsvar og samfunnsikkerheit generelt viktige middel, meiner dei. Fritjof Nansen var tidlegare president i Norges forsvarsforening, og det var han som utforma slagordet som framleis gjeld: «Forsvarssak er fredssak»!

I den seinare tid er det også blitt meir fokus på sivil beredskap. Foreninga meiner at vi i dag har for dårlege planer til å møte krisesituasjonar også i fredstid, og at det må arbeidast for å betre desse. Kanskje er dette synspunkt foreninga vil få større forståing for etter terrorhandlingane i Oslo og på Utøya, og i samband med ekstremvær. Det er i slike situasjonar ein til dømes får sjå kor opprådd ein blir når mobilen ikkje verkar og strømmen er borte. Leiar i INF, Olav Jostein Holten (bildet), trekkjer også fram noko anna han tykkjer er betenkeleg, nemleg at vi ikkje har lager med mat lenger, til dømes kornlager.

Indre Nordmøre forsvarsforening er partipolitisk uavhengig, og er ei av fire forsvarsforeningar i Møre og Romsdal fylke. Dei fleste medlemmane i INF er i dag frå Surnadal og Halsa, men foreninga omfattar også Rindal, Sunndal, Aure og Tingvoll. Det einaste som blir kravd for å bli medlem, er at ein er interessert i forsvarssaka og er interessert i å arbeide for ho. Olav Jostein Holten legg ikkje skjul på at foreninga ønskjer seg nye medlemmer, ikkje minst yngre folk.  

 

 

Her finn du nyheiter frå Indre Nordmøre forsvarsforening.

Her finn du heimesida til Indre Nordmøre forsvarsforening.

Styret i Indre Nordmøre forsvarsforening består i dag av:

Leiar: Olav Jostein Holten, Bæverfjord. Tlf: 71 66 20 21
Nestleiar: Lars Indreiten, Halsanaustan
Kasserar: Halvor Flatekval, Surnadalsøra
Sekretær: Johs J. Vaag, Surnadal. Tlf: 71 66 15 01 / 47 75 19 05
Medlem: Martinus Torvik, Todalen
Varamedlemmer: Kristian Henden og Kristian Ellevset, begge Surnadal
Ansvarleg for web-side: Eistein Bæverfjord, Bæverfjord

 

 Klikkar du deg vidare på lenkene under, kan du sjå få glimt frå tidlegare aktivitetar i Indre Nordmøre forsvarsforening:

1. bilde:  Frå INF sin sommartur på juli 2011. Her er folket samla ved Rinnleiret museum. Leiar i Innherred Forsvarsforening, Øystein Walberg, orienterer om Verdalen si historie. Etter dette gjekk turen til Fallstadsenteret og Fallstadskogen.

2. bilde: Kvar vår er det dugnad ved Krigsminnesamlinga på Surnadal museum, Åsen. Kaffepausen er ein viktig del av den sosiale delen av dugnaden. Her er det Kristian Henden som serverer kaffe.

3. bilde: INF har saman med Romsdal Forsvarsforening, Rennebu skytterlag og Innset historielag arbeidd i fleire år for å få opp denne orienteringstavla i Nåverdalen mellom Innset og Kvikne. Her vart tyskerane stansa i tre døgn 26.-28. april 1940. Mange nordmøringar deltok her saman med trønderane. Det er Odin Holten som står ved tavla.

4. bilde: 28. april 2010 vart det i skoglia nord for riksvegen gjennom Nåverdalen avduka ei minneplate på dagen 70 år etter at Arne Setnes frå Rauma fall her ved mitraljøsen. Mykje folk var samla i lia denne vårdagen for å minnast. Bildet viser Olav Jostein Holten (t.v.) saman med varaordførar i Rennebu og representantar frå Heimevernet.

Forsvarsforeninga har fleire aktivitetar årleg knytta til Krigsminnesamlinga på Surnadal museum, Åsen. Foto. Norunn Holten

Tips en venn Skriv ut