utskjæring_1024x683

Imponerende motorsagshow på Skei

Kor lang tid trur du det tek å skifte kjede på ei motorsag? Det kjem vel an på kven som skal skifte ho, vil du vel seie. Og det stemmer! Verdensrekorden er på 8,36 sekund, men Ole Harald Kveseth frå Grue slo sin eigen rekord og brukte berre 7,87 sekund på dette arbeidet da han og Ole Jørgen Sigvartsen heldt motorsagshow utanfor Surnadal Sparebank fredag ettermiddag.

Her kan vi vel alt sjå at det skal bli ein liten stol til høgre her, men at det vart stolar også heilt til venstre, vart ei overrasking....

Det var ingen kven som helst med motorsag dei frammøtte tilskuarane fekk sjå i aksjon utanfor Surnadal Sparebank. Dei to som viste eigne kunster var Ole Harald Kveseth frå Grue og Ole Jørgen Sigvartsen frå Løten. Førstnemnte er verdensmester frå 2010, sistnemnte europamester og norgesmester, også det frå i fjor.Dei demonstrerte tre ulike øvelsar som det er vanleg å konkurrere i i motorsagkonkurransar. Den første var som nemnt skifting av kjede, og det gjekk imponerande fort. For å få godkjent ein verdensrekord, må den vera frå eit VM, og det medfører at ein berre har ei anledning annakvart år for å sette verdensrekord. Målet til Ole Harald Kveseth var å matche verdensrekorden sin på motorsagshowet, og det gjorde han. 7,87 sekund, kunne tidtakaren slå fast! Ole Jørgen Sigvartsen brukte også berre 12 sekund på jobben. Sidan det var show drog dei også til og skifta kjede saman, med bruk av ei hand kvar. Det gjekk ikkje så så mykje seinare det heller! Dei to presiserte likevel at det ikkje berre er om å gjera å vera rask. Ein må vera nøyaktig også. Saga skal nemleg ikkje rørast før neste konkurranse, og har ein slurva slik at kjeda er slakk, må ein slite med det vidare i konkurransen.

Kvisting fekk vi også demonstrert på motorsagshowet. Her rekna gutane slik grovt sett eitt sekund på kvar kvist. Det tilseier da sjølvsagt omtrent 30 sekund på ein trelegg med 30 kvistar.... Til slutt skar karane ut små stolar i tre. Ole Jørgen kunne vi tydeleg sjå kva skulle laga, og resultatet vart ein ca 30 cm høg stol. Ole Harald såg det verre ut med. For ein lettlurt tilskuar kunne det sjå ut som at det berre vart hakk i hakk og lite som likna på noko, men da saga såg ut til å ha skore seg fast, rasa det fram ein haug med bittesmå stolar,berre 10-15 cm høge.

Som sagt var dette berre show, men i samband med "Høstarrangementet" er det også konkurranse. Alt tidleg på morgonen fredag starta motorsagkonkurransen med trefelling. Laurdag blir det andre øvelsar før ein samanlagtvinnar til slutt blir kåra.

Meir småpent er det vel vanskeleg å få det med motorsag....?