nonstop 2 første_1024x796

I kveld er det Kleivakveld i Vårsøglandet

Imponerande Teater Nonstop

Det er imponerande kva Henning Sommerro og John Pål Inderberg har fått til med Teater Nonstop i Namsos for skuespelarar med utviklingshemming. I går kveld fekk vi oppleve dette suksessteateret i Storstuå med engasjert dans til musikk, tonar, mange ulike lydar, krisjling og krasjling frå Henning og John Pål. Ein times framføring var med stor speleglede og humor.

Speleglede og humor
Teater Nonstop viste forestillinga "Du - jeg, oss - dem, innenfor - utenfor" i Storstuå i går kveld. Ei flott framsyning med speleglede og humor, og godt og stødig tonefølgje og mange lydar av ulike slag frå Henning Sommerro og John Pål Inderberg.

Framsyninga var ein del av Vårsøghelga, som åpna i går kveld med utstilling av grafikk med Håkon Gullvåg og avduking av bysta til Henning Sommerro - gaven frå Surnadal kommune til 60-årsdagen. Det kan du lese alt om her på Trollheimsporten.

Overrasking på Kleiva
I dag fortset Vårsøghelga med Magnhild - ein teaterkonsert med Magnhild Almhjeld - og Henningtimen - noko Trollheimsporten kjem attende på - følg med!

I kveld er det Kleivakveld på Kleiva og pubkveld på Vårsøg hotell. Følg med utover kvelden og du får alt frå Kleivakvelden på Trollheimsporten. Rita Eriksen trio kjem til Kleiva, saman med Margit Kristin Sigurdardottir (Fabula), John Pål Inderberg og Henning Sommerro med fleire. Og Gerd ingrid Kvendset kan love ei stor overrasking!

Mykje skjer i Vårsøglandet
Ut over heile pinsehelga er det mykje som skjer i Vårsøglandet med konsertar, teater, visesong, rock'n roll og mykje meir i ulike lokale frå fabrikk, brannstasjon, idrettshall og forsamlingshus. Følg med - gjerne på Trollheimsporten.

Under ser du fleire bilde frå forestillinga til Teater Nonstop, der det skulle ha vore mykje fleire enn ei halvfull Storstuå i går kveld:

: