Imponerande a Gunnar H Einar O

Imponerande skipsbok

Samtidig som Vaagland Båtbyggeri fyller 90 år, utgir Einar Oterholm boka "Kleivsetsjyn og Plassasjyn. Historie og båtar" - om dei to skipsverfta på andre sida av Skålvikfjorden. Når han med "Kleivsetsjyn og Plassasjyn" viser tresifra tal nybygde skuter og farty attåt masse ombyggingar, dokumenterer han til fulle at bygda har vore eit kreativt sentrum i norsk skipsbygging.

Bildet over: 89-årige Gunnar Hønsvik har vore med på tallause Kleivset-byggingar sia debuten i 1949 og har delt mykje kunnskap med Einar Oterholm. Her er dei to på boksleppet i Kristiansund.

Sjøfrisk stemning

Torsdag vart bokverket lansert under Kystens Landsstemne i Kristiansund. Om dato var tilfeldig vald eller ikkje: 20. juli var også fødselsdagen til Martinus Kleivset, verftseigaren som var fødd for 105 år sia. Dottera Anne Kleivset, saman med ektemann Henning Sommerro og dotter Karianna, sette da også dei frammøtte i sjøfrisk stemning med velvalde songinnslag.

Etter at Bernt Bøe på sin måte hadde betona skipsbygging som ein livsnerve i nordmørsk kulturhistorie, bladde forfattar Einar Oterholm gjennom boka i form av biletkåseri med informative kommentarar.

Kåseriet, og enda meir bokverket i seg sjøl, gir levande innblikk i historia bak verksemda ved skipsanlegga på Kleivset og Plassen. Boka formidlar eit rikt biletmateriale, fyldige tekniske data og detaljert innblikk i livshistoria åt kvart enkelt farty. Og da talar vi om hundre pluss!

Grundig og instruktiv

Med sedvanleg grundighet og nysgjerrighet på stoffet har Einar Oterholm sett seg godt inn i eit fagfelt som i utgangspunktet ikkje er hans profesjon. Han maktar på instruktiv måte å vise lesar og publikum sentrale begrep i prosessen når bord og plankar, bjelkar og stålplater skal bli til skrog og skip. Skisser og fotodetaljar er oversiktlege og instruktive. Det same gjeld registerskjema og statistikkar - om det enn tek eit lite minutt å forstå systema han brukar. (Dette og eit par namneglipp er bagatellar.)

Slektshistorikken bak dei to verfta på Kleivsetsjøen og Plassen er eit aktstykke i seg sjøl. Saman med dokumentasjonen av grundarane sitt livsverk i form av vakre og solide farty, gjer det boka til eit klenodium for dei næraste. I tillegg vil mange i Halsa og nabobygdene finne familiemedlemmer og kjente i arbeidsstokken - i personlister og på bilete.

Masse foto

Bileta kan sjølsagt variere noko i kvalitet - mange tatt av amatørar med enkelt utstyr og i tilfeldige situasjonar. Men ofte er det stolte skuter i flott positur som stig fram på sidene. Og den enorme mengda av foto er av stor og varig verdi i eit bokverk som fyller eit vesentleg behov og som er med på å dokumentere ein viktig del av vår nærings- og kulturhistorie.

Einar Oterholm vil sikkert halde temasamlingar ut frå boka og stoffet i tida som kjem. Søndag 6. august skjer det på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

I fjor gav han ut historia om Nordmøre Husmorskule. No altså "Kleivsetsjyn og Plassasjyn. Historie og båtar" - begge på hans eige Einar Forlag. Og – tru det eller ei: Om eit par veker kjem han med historia om Halsa-kyrkja! For ein "einar"!

Imponerande b Einar Ingeborg.jpg
Dotter til Alma og Martinus Kleivset, Ingeborg, takkar Einar Oterholm rørt for kåseriet og boka.

Imponerande c Framnæs.jpg
"Framnæs" - bygd ved Plassasjøen i 2012 – er tru kopi av sundbåten som gjekk i Kristiansund frå 1917 til 1951. Søndag 30. juli gjer nye "Framnæs" 100 års-jubileumstur frå byen via Halsa til ein fjorddag med cruise i Bøfjorden.

Imponerande d Årsundfjord.jpg
Legendariske "Årsundfjord" var bygd ved Plassasjøen i 1940, ombygd og forlengt der i 1955.

Imponerande e Kåseri.jpg
Kåsøren i sving. Her kjem historia om "Løvøysund" på lerretet.

Innsendt av Bernt Gudrunson Bøe.