Torsdag
Torsdag Skyet
10°
Skyet
Lett bris
Fredag
Fredag Delvis skyet
14°
Delvis skyet
Svak vind
Stikk-UT post foto Norunn Holten

Turkassar og muleg smittefare:

Ikkje skriv deg inn i turboka!

I samband med faren for å spreie Covid-19 oppfordrar Stikk-UT! no om at folk ikkje skriv seg inn i turbøker på trimpostane. 

IMG_20200323_092459.jpg

Norunn Holten, som arbeider med Stikk UT! i Surnadal kommune, oppfordrer folk til generelt IKKJE å skrive seg inn i turbøker som ligg ute på trimpostar rundt omkring i kommunen. Folk kan i staden t.d. merkje seg datoar og turmål og føre desse inn i turbøkene når alt er i normalt gjenge igjen. Det går og an å ta eit bilde av turposten når ein er der. Bilde blir lagra med dato.

Å skrive seg inn i turbøker kan innebera smittefare. Å leite i postkassar etter bøker som er fjerna (somme tilretteleggjarar har teke inn bøkene), kan kanskje også innebera smittefare.

Stikk UT! ski-postar i Surnadal skal no ha koden på utsida av kassen (på dei fleste stader også saman med ei påminning om ikkje å skrive seg i boka). Registrer turen på nett eller i morotur-appen.

Det er ikkje alltid så lett å vita kven som har "ansvaret" for ein turkasse. Mange turkassar er utsette av eldsjeler, og ofte har nokon teke over utskifting av bok utan at dette er organisert gjennom formelle kanalar. Vi kan derfor ikkje alltid forvente at nokon tek inn boka og legg ho ut att når faren er over. Mange turmål er også så langt unna at det ikkje er gjort i ei handvending å ta inn og legge ut bøker. Ei stund framover no er det derfor viktig at vi sjølve er bevisste på muleg smittefare og held opp å skrive oss inn, evt. ventar med innskrivinga til seinare.

Foto Norunn Holten.jpg

Alle foto: Norunn Holten