1500 koronavirus-tema SKAL KREDITERES Foto CDC, Alissa Eckert High resolution

Statusoppdatering frå kriseleiinga i Surnadal torsdag 2. april:

Ikkje påvist nye korona-smitta i Surnadal

Det er per no heldigvis ikkje påvist fleire nye smittetilfelle i Surnadal kommune. Vi har i dag sendt ut eit SMS-varsel til innbyggarane med ein del praktiske opplysningar ein bør kjenne til. Les dei her.

Det er per no heldigvis ikkje påvist fleire nye smittetilfelle i Surnadal kommune. 

Vi har i dag sendt ut eit SMS-varsel til innbyggarane med ein del praktiske opplysningar ein bør kjenne til:

  • Det er ikkje lokal legevakt påskelaurdag i Surnadal.
  • For å be om testing for koronavirus kan du i påskeveka ringe korona-telefonen på 913 79 001 måndag og tysdag frå kl. 09.00-15.00 og onsdag fram til kl. 11:30. Deretter kan du ringe legevakttelefon: 116117.
  • Etter avtale med legevakta kan det bli utført testing frå kl. 12.00-14.00 på påskeaften i Surnadal.
  • Hugs å ringe før du oppsøker legevakt.
  • Korona-telefonen er og open påskeaften frå kl. 10.00-14.00.

Vi har etter situasjonen god beredskap for den som måtte trenge helsehjelp i Surnadal kommune. 

Om SMS-varslinga:

Alle med eit telefonnummer knytt til eit gards- og bruksnumer i Surnadal kommune vil i løpet av dagen og kvelden motta ein SMS frå kommunen med viktig informasjon før påska. Vi beklagar om enkelte skulle motta fleire kopiar, men dette skuldast i så fall ei nasjonal overbelastning i denne varslings-tenesta.