nordmarka idrettssenter

Skikretsen ønskjer NM til Molde

Ikkje NM til Surnadal i 2014?

Møre og Romsdal skikrets har innstilt på at NM i langrenn i 2014, del I, skal gå til Molde og omegn idrettsforening. Sjølv om Surnadal og samarbeidspartner Rindals-Troll blir beskrivne som «på høgde og vel så det» i forhold til Molde arrangementsmessig, er andre faktorar blitt sterkare vektlagt. Ski nordisk i Surnadal i.l. og Rindals-Troll har likevel ikkje gitt opp NM-draumen enda, og vil fortsette arbeidet for å få NM hit. Endeleg avgjerd om kvar NM skal gå, vil bli avgjort av langrennskomiteen i Skiforbundet i slutten av januar.

 

Er NM-draumen over for  Surnadal og Rindals-Troll? Foto: Irene Karlstrøm.

Skiforbundet ønskjer berre ein søkjar frå kvar skikrets, og sidan både Surnadal og Molde søkjer, kan skikretsen berre støtte den eine av søkjarane. I ein e-post som er sendt både Skiforbundet og søkjarane "våre", går det fram at innstillinga frå kretsen no er at Molde og omegn idrettsforening bør få del I av NM. I staden blir det foreslått at NM del II blir lagt til Surnadal. Dette arrangementet vil få like mange deltakarar som del ein, men ikkje med så mange profilerte løparar, og utan TV-overføringar. Harald Mowinkel på skikretskontoret seier også at dei som har arrangert del II har kome betre ut av det økonomisk enn arrangørar av del ein. Ein vesentleg hake ved det heile er likevel at Surnadal og Rindals-Troll ikkje har søkt om å få del II. Eivind Sponås, leiar i ski nordisk, Surnadal, peikar også på at det arbeidet som har vore gjort m.o.t. opparbeiding av løypetrasear på Nordmarka, er gjort med tanke på del I, og at det mellom anna manglar 5-milløype.

Harald Mowinckel på skikretskontoret trekkjer fram to årsaker til at avgjerda gjekk i favør romsdalingane: For det første det at Molde søkjer om alle disiplinar i nordisk, medan Surnadal og Rindals-Troll berre søkjer om langrenn. Han viser til signal frå sentralt hald om at dei som søkjer om alle disiplinar vil bli prioritert, og han meiner derfor at valget av Molde styrkar Møre og Romsdal sin sjanse til å få eit NM til fylket. Skikretsen foreslår likevel at Surnadal får del II av NM, ettersom dette arrangementet gjeld berre langrenn.

Talet på tilgjengelege overnattingsplassar blir også trekt inn som argument imot Surnadal. Nytt av året er nemleg at forbundet krev minimum 1200 overnattingsplassar innan 40 minutts køyring frå stadion. Omrekna til km på norske vintervegar vil dette seie 35 km, ifølgje Mowinckel. Eivind Sponås i skigruppa innrømmer at distriktet vårt i utgangspunktet ikkje oppfyller dette kravet, men viser til at det finst mulegheiter m.o.t. private overnattingsplassar. Like eins peikar han på at det er muleg å leige inn båtar til overnatting, noko klubben har prøvd med hell ved tidlegare storarrangement. Sponås tykkjer også det er merkeleg at Surnadal blir foreslått som arrangør av del II, for kravet til overnattingsplassar vil jo framleis vera det same. Skigruppa har likevel ikkje tenkt å gi opp NM-draumen utan vidare. - Vi har ikkje tenkt å gi oss heilt. Vi har jo private overnattingsplassar og vil prøve å mobilisere litt på den sida, seier Sponås, som i tida framover vil ta ein oppklaringsrunde i forhold til den innstillinga som er gjort.

Surnadal i.l. har sidan 2008 søkt om å få NM i langrenn til Surnadal. Den gongen vart det sagt at dei som søkte om fullt NM skulle prioriterast, og av den grunn søkte klubben samarbeid med Meldal. Dette kravet er det sinare gått bort ifrå. Ski nordisk i Surnadal kjøper derfor ikkje heilt argumentet om at Molde no skal prioriterast fordi dei søkjer om NM i alle disiplinar. Dersom dette skulle vore eit vilkår for å få NM denne gongen, burde det ha vore klart uttrykt på førehand. Eivind Sponås poengterer også at det var med støtte frå kretsen Surnadal fremja søknaden sin i 2008, og han tykkjer det er rart at ein annan søkjar plutseleg dukkar opp, og at det no er dei som blir støtta. Han meiner det logiske hadde vore å framleis støtte Surnadal til dei hadde fått NM-søknaden sin innvilga.