TEMA Bedrift STRANDLY

Hus og bedrifter som søndagstema

Bygningar og bedrifter i gamle Åsskard er tema på museet i Bøfjorden søndag. Kåseri med foto blir ei reise blant bygningar som har flytta opptil fleire gonger. Delar av programmet gir korte glimt av lokale bedrifter – somme av dei lever kanskje ikkje lenger.

Folk nytta ressursane – difor kunne både bustad og fjøs bli flytta innan grenda og til andre bygder. Settemsgeilen i Bøfjorden skal ha vore soldatforlegning og har stått på fire ulike stader!

Av bedrifter vil historielaget m.a. trekkje fram skiferindustrien i Trodalen, kassafabrikken på Bø og fleire av butikkane i gamle Åsskard kommune.

Og så er det kaffe og anna smått å få kjøpt også denne søndagen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum – som no er inne i sin 20. sommarsesong.

 

TEMA Bedrift IMPREGNERING.jpg
Nordmøre Impregnering frå 1951 vart seinare del av MøreTre.

 

TEMA Bedrift KASSAFABRIKK.jpg
Kva vart laga ved denne maskina, tru?

 

TEMA Bedrift SKIFERBROT Trodalen.jpg
Skiferbrotet i Trodalen sysselsette rundt 15 personar på det meste.

 

TEMA Bedrift STRANDLY.jpg
Dampskipsanløp ved Strandly i 1930-åra.
 

Tema HUS Lunheim Stranda.jpg
Kvar stod denne stua før ho hamna ved Hakstad?
 

Tema HUS Seterskjel.jpg
Seterskjelet frå Oppigarden vart bustadhus i Sletta.
 

Tema Hus SETTEMSGEILEN.jpg
Montasje som antydar historisk sus over Settemsgeilen!

MUSEUMSPLAKA 2014 07 13.jpg

INNSENDAR:
Bernt G. Bøe (også ansvarleg kåsør søndag)