IMG_20170502_094752_690x920_cropped_683x508

Hoppehelsing

Tirsdag 2. mai gjekk startskottet for den store hoppetaukonkurransen Nasjonalforeningen for folkehelsen inviterer til. Todalen skule er ein av skulane som deltek. Over halvparten av barneskulane i landet er med.

IMG_20170502_094805_690x920.jpg

Vi på Todalen skule er godt igang med hoppetauet, melder Britt Mossing. Vår, finver og hoppetauleik i skulegarden er berre topp.

 

Nasjonalforeningen for folkehelsen som står bak konkurransen Hopp forhjertet er opptatt av å starte tidleg med å forebygge hjarte- og karsjukdommar. God kondis får ein også,berre prøv!

 

Elevane hoppar både åleine og med slengtau. Idag var det stafetthopping i mattetimen med gongetabellen.

 

Det var og spørsmål om ein kunne kombinere hoppinga med fotball. Vi får sjå i dei to vekene som konkurransen varer kva slags øvingar som dukkar opp. Alle får eit poeng for kvart minutt dei hoppar, skriv Mossing i ei Hoppehelsing frå Todalen skule.  

 

Inkluderande og lærerikt

Å hoppe tau er morosamt, spennande, utfordrande og sosialt. I tillegg er det bra for helsa. Vi ønsker å inspirere barn til å vere meir aktive i skulekvardagen, seier Lisbet Rugtvedt, generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Glade og aktive barn lærer og trivs betre på skulen. Ved å delta i Hopp for hjertet, får elevane muligheit til å erfare gleda av å vere i aktivitet saman, seier ho vidare i ei pressemelding.

 

Enorm deltaking

Hoppetaukonkurransen har vokse frå å engasjere 40 000 skolebarn i 2005 til over 100 000 barn frå 1359 skular  i 2017. Målet med konkurransen er å vise at fysisk aktivitet både er morosamt og bra for helsa, og fint kan kombinerast med fag og undervisning.
Konkurransen Hopp for hjertet varer frå 2. mai til 12. mai.

IMG_20170502_094619_690x920.jpg
Foto: Britt Mossinge.