tp_leserinnlegg

Leserinnlegg

Høyringsnotat til Rindal kommune: oppdelt haustferie

- Ja!! Dette er god ordning, sier Lene Gåsvatn. Hun ser mange fordeler med oppdelt høstferie i Rindal kommune. Les hennes synspunkt på ordningen her.

Vdr. sakshandsaming: Takk for at de inviterer til høyring. I fjor var eg leiar av FAU ved Øvre Rindal Skule og kjende ein smule irritasjon over at vedtaket berre vart forkynt utan korkje informasjon eller forsøk på rådføring med foreldre eller elevar. Til mi store forundring vart eg meir positiv til ordninga enn eg hadde ant, - det er vel dette som er (foreldre-) Learning By Doing i praksis.

Vdr. spørsmålet: Ja!! Dette er god ordning.

Fordel 1: Fridagane blir som ein godtepose som varar lengre. Ei heil veke ferie for oss som ikkje fèr bort, kan endå til bli kjedeleg. No gler me oss til å ha Pirbadet nesten for oss sjølve ein fredag i desember.

Fordel 2 – og hald dykk fast: Pedagogisk korrekt. Dette lærte eg av ein lærar ved Vidaregåande. Han var svært betenkt på praksisen med haustferie ei heil veke. Når fyrst elevane var innkøyrt med gode vanar og rutinar, verka haustferieveka som eit oppbrot det fall vanskeleg å samle seg etter. Etter ei heil veke ferie, tek det tid å finne att arbeidsrytmen som gjerne er mest effektiv om hausten.

Fordel 3: Med kortare friperiodar, ungår elevar og lærarar stresset som ligg i dette at før og etter haustferien blir som før og etter eit tidsskille. Eg vil tru at det blir enklare å fordele arbeidsmengde, prøver og prosjekt jamnt utover i eit kort haustsemester med denne ordninga.

Fordel 4 for meg som ikkje får vikar når eg har fri: Eg kan få haustferie sjølv. Har båe prestane i Surnadal, Halsapresten og eg ynskje om haustferie i same veka, betyr det i praksis at me får fri i lag med borna våre annankvart år, mens me må arbeide tilsvarande dobbelt annankvart år. Eg vil tru at denne problemstillinga gjeld fleire yrkesgrupper enn prestane.

Ulempar?? Sanneleg om eg veit, eg ser ingen. Eg er uhemma positiv til at det skal bli slik fleire år. Takk for at eg vart utfordra på å meddele kva eg meiner.

Med venleg helsing, Lene Gåsvatn.