24112011959[1]

Høttrindaling vann fiskesnella

Rindal Elvalag ønsker at alle som får fisk i elva følger opp plikta si og rapporterer inn fangsten sin. I sesongen 2011 vart det trekt ut ein premie blandt desse rapportane. Sponsa av Intersport Olav Moen Eftf. AS vart ein heldig fiskar eigar av ei Abu Garcia Cardinal 106!

 

No har styret i Rindal Elvalag hatt trekning på fiskesnella mellom dei som leverte inn fangstrapportar denne sesongen. Vinnaren vart ein Høttrindaling frå Molde, Åge A. Vestad.

Vestad fiska i Burshølen i heile sommar.

 

Rapportering er viktig, - utan rapportering av fangsten, kan elva bli stengt pga liten bærekraft for å sikre laksebestanden.

 

Vi gratulerer vinnaren og ønsker alle velkommen tilbake til elva neste sesong!