IMGP0335

Høstmesse med Skimmer

Alle ledda som vi kjenner frå høgmessa var med i Haustmessa framført av gruppa Skimmer i Rindal kirke søndag kveld. Salmar og songar elles var både gamle kjente og nyskrivne.

IMGP0340.JPG

Messeledda var det Ketil Hustad (over) som stod bak. Med gitar og tangentar blir lydbildet nokså ulikt det tradisjonelle kyrkjeorgelet.

Etter preludium og Kyrie fekk vi ein folketone frå Gjemnes, før Jeanette og Jo framførte Bøn av Olav Budeng frå Rennebu og Dori lita av oppdalingen Ola Setrom.

Gloria-leddet vart ei flott lovprising frå alle fire. Etterpå fekk vi høre Gunnhild Bagøiens eiga Høstvise, mjuk og var hauststemning. Salmen Den store hvite flokk fekk vi høre med oppdalstone, medan Lær meg å kjenne dine veie var ei salme dei hadde hatt på repertoaret lenge.

Trusvedkjenninga, Credo, vart framført til heilt nylaga arrangement av Hustad, moderne og nysakralt.

IMGP0341.JPG

Gunnhild (over) og Ketil framførte så Gunnhilds vise Omforlatelse, ei fin vise om tilgjeving.

IMGP0337.JPG

Jeanette (over) hadde funne fram ei ny salme, Alle dei fuglar, som ho delte med oss i lag med Jo, ei fin og trygg kveldssalme.

Sanctus (Hellig, hellig, hellig er Herren Sebaot) fylte kyrkja i ein jazzversjon Hustad hadde laga på bestilling til ei jazzmesse. Fint!

Fadervår song dei mesta på tradisjonelt vis utan omarrangement.

IMGP0343.JPG

Vi fekk så høre diktet Haust skrive av rindalslæraren Edvin Opøien med tone av Jo Ranheim framført av Jeanette og Jo.

Einaste engelske songen var Jo Ranheim si varme og mjuke voggevise Lullaby of tomorrow. Ragnhild Lund Ansnes hadde hjept til med teksta på denne.

Agnus Dei, Du Guds Lam, vart framført i jazzversjon med flott gitarimprovisasjon som mellomspel.

Gunnhild Bagøien stod bak både tekst og tone til visa Himmelvei som ho framførte. Ei fin og melodiøs vise.

Til ære for rindalingane som møtte til denne høstmessa, avslutta Skimmer med Se solens skjønne lys og prakt til tone frå Rindal.

IMGP0346.JPG

Gruppa Skimmer er resultat av samarbeid mellom gruppene Svevestøv med Gunnhild Bagøien og Ketil Hustad, og Toner fra Trollheimen med Jeanette Paulsen og Jo Ranheim. No er dei i studio og planlegg å gje ut si første plate til våren.

Vi ser fram til plata, - og til nye konsertar med desse musikarane!

Det var Arena:Kirke som stod som arrangør av konserten Høstmesse.

IMGP0352.JPG