tp_leserinnlegg

Høringsnotat: Skuleruta 2015-2016

Først vil vi takke for at vi som foreldre denne gongen får moglegheit til å uttale oss om skuleruta. Endringa i haustferieavviklinga for skuleåret 2014-2015 kom veldig brått på, utan særleg forklaring.

Slik det er i dag, er det sett av 5 dagar til haustferie før jul. Oppdeling av desse feriedagane over fleire veker, er ei dårleg løysing, av fleire årsakar.

I haust får vi tre veker med avbrote undervisning på grunn av fordeling av haustferiedagane. Dette inneber tre amputerte skuleveker, og med fri nokre dagar av veka kjem ofte feriekjensla litt tidlegare og reduserar kvaliteten på læringa i forkant av feriedagane.

To dagar fri ei veke er ikkje nok til at ungane «landar» og får feriekjensle. Fridagane kan da fort kome bort i kvardagen.

Det vil alltid vere slik at vi foreldre har færre fridagar enn ungane våre, slik at vi ikkje kan ta fri for å vere saman med dei i alle skuleferiar. Å dele opp haustferien vil ikkje rette på dette, antal feriedagar er det same, men oppdelinga tek frå oss nokre moglegheiter. Ved oppdeling av haustferien, må no alle som ønskar å reise bort ei veke på hausten ta fri ungane frå undervisninga. Med ei vekes haustferie er det i alle fall mogleg å reise bort ei veke utan å ta fri frå skulen. Mange har familie og vener langt borte, og da blir ei langhelg ofte for kort til at ein får besøkt dei skikkeleg. Det kan oppfattast som at løysinga med oppdelt haustferie «oppfordrar» til å ta fri ungane frå skulen i løpet av skuleåret for å ta ferie.

Eit anna innspel er at haustferien kanskje kjem litt tidleg i forhold til sommarferien, så å flytte ferien eit par veker mot slutten av oktober, kan heller vere noko å vurdere.

 

Med venleg helsing

Arnhild Foseide Fagerholt                       Heidi Hagen
Kjetil Fagerholt                                        Merete Andersen
Marit Bakk                                               Bente Merete Aune
Jon Solem                                               Line Flåtten
Gro G. Løfaldli                                         Dagrun Løset
Brit Iren Glærum Svanem                        Pål Svanem
Camilla Stokke Løften