Hobby og historie b

Hobby og historie

Flott haustver hindra ikkje godt oppmøte hos Bøfjorden Historielag søndag. Husflid, kunst og leik fylte sjøbruksmuseet. Og den utrøttelege kjeldegranskaren Jonny Lyngstad tok dei frammøtte tilbake til det dramatiske skjebneåret 1762.

Bildet over: Søskenbarna Åse Bulling Sæther frå Sparbu (t.v.) og Magnhild Hustad Bøe frå Inderøy har slege seg ned i Bøfjorden. Her er det hyggeleg prat og god handel attmed husflidsbordet hennar Magnhild. 
 

Magnhild Bøe, Kirsten Bøe, Kari Bøklepp og Gunnvor Bøe la fram og selde flotte handarbeidsprodukt. Salget gjekk bra. Mange sikra seg varme vintersokkar og gode julegåver.


Modelltog

Jon Storløkken imponerte små og store med sjøllaga modelljernbane. Her susa toga langs livaktig landskap og i fjelltunnelar under gråmåla gips. Småbilar med front- og baklys, opplyste togkupear og glitrande lyktestolpar fascinerte publikum.

Hobby og historie a.jpg
5-åringen Einar er storleg imponert over togbanen som Jon Storløkken viser han.

Hobby og historie e.jpg
Jon Storløkken stilte også ut denne galeasmodellen i tredimensjonalt relieff. – Det var bestefar som laga den, av kassefjøler og med berre tolekniven! fortalte Jon.


Kunst, litteratur og ludo

Akvarellar måla av Eli Orset dekorerte komandobrua på museet – til nytelse og kjøp. Einar Oterholm presenterte eigne bøker. Også Bernt Bøe stilte ut noko av forfattarskapet sitt.

Dei yngste prøvde seg på fargeleggingsoppgåver og museums-rebus. Rundt borda låg ludospel, yatzy og utklippsbøker med avisstoff samla gjennom fleire tiår.

Hobby og historie c.jpg
Akvarellar av Eli Orset dekorerer kommandobrua på museet.

Hobby og historie d.jpg
Einar Oterholm fortalte om nokre av bøkene sine. «Kroknes Laksevorpe» er ny av året.


Skipsklokke i gåve

Museet fekk ei flott gåve da Steinar Olsen overrekte ei nypolert og velklingande skipsklokke frå eit opprinneleg tysk skip. Frå no av vil denne signalisere «seks glass» når Dagens Tema startar - altså klokka 3.

Hobby og historie i.jpg
- Hør skipsklokkens klang! Leiar Bernt Bøe er glad for den flotte klokka som historielaget fekk av Steinar Olsen på hobbydagen.


«En Sot iblandt Folket»

Bygdebokforfattar og arkivgranskar Jonny Lyngstad heldt eit innhaldsrikt foredrag om hendingar i det eine året 1762. Med Bud-presten Munthe som hovudkjelde bretta han ut dramatiske hendingar: - «Og kom en Sot iblandt Folket, der var som en art Pest. Den fulgte Matroser, som kom hiem igien fra Kongens Tieneste.»

Kongens teneste galdt 12 tusen norske soldatar på vaktteneste i Holstein under Den Prøyssiske Sjuårskrigen. Blant desse var 65 frå bygdene på indre Nordmøre - berre halvparten kom att i live.

Den såkalla «pesten» var ein blodsjukdom betre kjend som dysenteri. Den førte til enorme dødstal i bygdene – «Pest-Sotten grasserede i Hver Mands Huus».

Hobby og historie f Soldat.jpg
Holstein-soldat anno 1762. Omtrent slik såg dei ut – Tore Dragset, Via Bøhaugen og dei andre.
 

1762 – «et sært Guds Prøves Aar»

Lyngstad rekte spora etter mange av soldatane. I historisk halvlys drog han fram kjente og ukjente namn på unge soldatar. Mykje dystert: Knut Røen «døede i Fredrikstad jus da han stod færdig at marchere tilbage med de andre». Men også litt mintert: Sivert Hallvardson Bæverfjord (Bortigard) slapp fri - han vart «udsat af Sessionen 7. Marti 1762 formedelst at være slet og flenskaldet»!

For å finansiere militær deltaking i Holstein vart folk pålagt ekstraskatt i fleire år. Denne makta ikkje alle å betale, «og for hver Uformuende skal de meere Formuende betale». Blant dei rike var Anders (Utistu) Sjøflott. Han nekta – og vart tvangsinnkalla til eit ekstraordinært Brøskja-ting for dette. Med rette skriv presten at «dette Aar var os et sært Guds Prøves Aar».

Hobby og historie g.jpg

Hobby og historie h.jpg


«Hitsig Feber»

Erling Myrbostad frå Stangvik Historielag supplerte Lyngstad med opplysningar om Holstein-soldatane. Slik steig nokre av desse fram frå rullar og kyrkjebøker: Via Hougen frå Bøbakken var husmann i Holmane; han kom heimatt. Tore Johnsen Dragset «døde 25. October 1762 af hitsig Feber». Vi finn brørne John og Lars frå ein husmannsplass på Settemsørane. Steener Steenersen var frå Oppistua på Bele. John Hundnæs fekk si grav i København – som mange andre. Av alle nordmørsgutane kom som nemnt berre halvparten tilbake – «de fleeste vare syge og nogle døede i Weyene». Huff.

Jonny Lyngstad opna ei dyster, men spennande bok denne søndagen. Og han viste at med flid går det an å rekkje fara etter slektningar og naboar frå ein fjern fortid.


Tekst og foto: Bernt G. Bøe