Historie og heider i MA

MAs aksjonsdag i Surnadal i år 27/5 fall saman med meldinga frå Stortinget om at det no er politisk fleirtal for å påby alkolås i bussar og drosjar.  Det fortel noko om at MA sitt arbeid for rusfri og trygg trafikk nyttar.

Arbeidet for innføring av alkolås på bilane tok til i 2005. Få år tidlegare – i 2001 - var promillegrensa for bilkøyring sett ned frå 0,5 til 0,2. Det gav seg tydeleg utslag i ulykkesstatistikken. No er det alkolåsarbeidet og kravet om å få redusert promillegrensene på sjøen, som er dei viktigaste kampsakene.

IMG_2609.jpg
På stand 27/5 utanfor Amfi-senteret f.v. Eivind Hasle, Tor Mogstad, Nils Magnar Torvik, Mali Settem, Øyvind Paulsen og Ragna D.Meisingset.
 

MA-medlemmer i Surnadal hadde stand på Amfi-senteret onsdag, og om kvelden var det ”historiekveld” i høve at det lokale MA-laget frå 2014 er blitt ein integrert del av Nordmøre og Romsdal-avdelinga.  Oddvar Moen, tidlegare lærar i Surnadal som no bur på Sørlandet, og ein aktivist i MA, hadde lage ein fyldig og god oversikt over MA-aktiviteten i Surnadal frå starten hausten 1949. Den fortalde også mykje om utviklinga i trafikkbildet generelt, og om ulike aktivitetsformer.  MA-laget i Surnadal var på det største på 1980-talet, med opp til vel 100 medlemmar, og det vart arrangert ulike trafikk- og ferdigheitsløp for bil, moped og sykkel, drive-in-kino, kunnskapsprøver, stilkonkurransar  og refleksaksjonar. Lokale personar hevda seg svært godt i nasjonale trafikkløp, og spesielt Oddvar Kvande gjorde det godt på slutten av 1980-talet. Interessant var det og å notere at mange av ordførarane i Surnadal i etterkrigstida også har vore sentrale MA-medlemmar, med  Petter Garte og Nils Magnar Torvik som dei fremste.

Oddvar K 1980-c_690x666.jpg

Nils Magnar Torvik_342x480.jpg
Nils Magnar Torvik
Petter Garte 1968-71_342x535.jpg                                                     
8 medlemmar fekk merke for 40 års medlemsskap eller meir i MA. Det var Asbjørn Flaa, Inger Marie og Øyvind Paulsen, Elen Todal Øyen, Jostein Reiten, Ragnhild Mikkelsen og Gunnhild og Tor Mogstad. Merke og diplom vart delt ut av landsstyremedlem Margreth Karlsvik (Kristiansund) og Ragna D. Meisingset (Surnadal), som begge er med i det nye MA-styret. I tillegg var det helsing frå Torill Sandnes, Molde, som no er leiar i MA Nordmøre og Romsdal.    

EHA (ref.)