Picasa

Etterlysning:

Historia til Halsa vidaregåande skole

Bildet over: Einar Oterholm.

I fjor kom boka «Historia til Nordmøre husmorskule» ut og vart godt motteke, men mange ønska også at den skulle ha omfatta historia til Halsa vidaregåande skole. Så lenge Halsa vidaregåande skole eksisterte, frå hausten 1977 til sommaren 2001, har omlag 1180 elevar  gått på skolen.

No er Einar Oterholm i gang med å samle informasjon og bilete , slik at også Halsa vidaregåande skole kan bli presentert i ei eiga bok. Dersom alt går etter plana er det von om at boka kan komme ut i løpet av sommaren 2018. Boka er tenkt laga etter om lag samme malen som den til «Historia om Nordmøre husmorskule». Alle skolebileta skal sjølvsagt med, omtale og bilete av undervisning og fritid er sjølvsagt, like eins omtale av  prosessane med å legge ned skolen.

Forfattaren har alt god kontakt med ei stor gruppe personar som var sentrale på ulike måtar ved skolen som elevar, lærarar og politikarar.  Desse vil lese grundig og kommentere utkasta til manuskripet, slik at det som blir sendt til trykkeriet held mål.

Sjølv om han alt har samla ein god del informasjon og bilete, så må han skaffe fram vesentleg meir dersom det skal bli ei lesverdig bok.

Dersom du på ein eller annan måte har hatt tilknyting til Halsa vidaregåande skole, blir du på denne måten oppfordra til å kontakte Einar Oterholm og formidle noko av desse erfaringane dine. Har du aktuelle bilete vil han gjerne låne og scanne slik at dei eventuelt kan brukast i boka.

Dersom boka skal bli ferdig i løpet av sommaren, må du ikkje vente med å kontakte han.  

Kontaktadresser til Einar Oterholm: Halsavegen 406, 6680 Halsanaustan – telefon 472 89 898 -- einar@oterholm.no