Historia fenga

Historia om gard og folk i Settemsdalen trekte stappfullt hus på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Tett oppi hundre opplevde nostalgiske tilbakeblikk og fascinerande personportrett. 

Tekst og foto innsendt av Bernt G. Bøe.

Gjest var Joar Tøndel – leiar i Agdenes Historielag. Han drog dei lange linjene frå Fjølåsen i Lensvika, der røtene til den store Settemsdals-slekta er å finne.

Frå Fjølåsen til Settemsdalen og Halsa

Derifrå «utvandra» fleire brør. Jens Larsson og kona Ingeborg med borna Elisabet, Lars, Andreas og Sakarias kom til Settemsdalen i 1857. Broren Johannes slo seg ned på Glåmen i Halsa. Etterkomarar av begge møtte mannjamnt opp til temadagen på museet.

Tøndel viste skisser av busetnaden på Fjølåsen frå dei eldste tider. I dag er den fråflytta grenda eit idyllisk beitelandskap og populært turmål. Fjølås-slektningar i salen supplerte med innspel.

«Hardført folk og snøfast lende»

Bøfjorden Historielag viste biletglimt frå livet i Settemsdalen før og no. Hyldbakk si skildring av grenda som «eit Montenegro med hardført folk og snøfast lende» vart utdjupa og illustrert.

Her var oldfunn frå førhistorisk tid, opplysningar om «Settumbsdall Bechesaug» på 1600-talet og segner om alt frå mannbjønn til Hans Nielsen Hauge. Kvinneprofilane «Grøtan-Guro» og «Dordi-Dørdi Stalla» utløyste mange kommentarar frå salen.

Sigurd informant

Blant dei som hugsa desse, var Sigurd Solem. Han fortalte også at han var blant dei 18 tilsette på konfeksjonsfabrikken «Settemsdal AS» og sauma sin eigen dress der. Sigurd var dessutan informanten bak detaljane på foto av «landsbyen» Settemsdalen før utskiftinga i 1938.

Røter og utvikling

Etter ein snartur innom gruvedrifta på Hjelmkona rundt 1800 var det gjensyn med bureisingsinnsatsen frå 1930-åra, som starta da Ragnhild og Ola Sættem dyrka opp Storsletta. Spranget frå hundre gammel sommarfjøsdrift til dagens moderne fellesfjøs med robotstyrt mjølking var stort og tankevekkande. Samtidig som Settemsdalen i dag er eit moderne samfunn, er interessa for røtene der. Det viste denne museumsdagen til fulle.

 

Historia a Forsamling Foto Ingrid Kr Sollid (5).jpg

Bortimot hundre var innom på «Settemsdals-dagen». (Foto Ingrid Kristine Sollid)

Historia b 1934.jpg

«Stamfar» Jens Fjølås bygde Jensstua - Negarden. (Foto frå Hyldbakk: «Ei haustferd på Nordmøre 1934»)

Historia c Halsbekk.JPG

Biletet av Guro Grøtan, landets eldste kvinne i si tid, plassert i tuftene av fødeplassen Halsbekkteigen. Ho levde frå 1849 til 1955. (Museets fotosamling) 

Historia d Dordi Dørdi STALLA.jpg

Dordi Bele (1854-1935) attmed stua si «Stallen» på Åsgard. Ho og stua flytta seinare til Liavatnet i Settemsdalen. Hyldbakk samanlikna bustaden med «ein kasse for kaninar». (Museets fotosamling)

Historia e Ung konsert.jpg

Ung konsert tidleg på 1930-talet. Erling Solem spelar fele, Erik Settemsdal mandolin. Publikum er Sigurd Solem (t.v.) og Kåre Sandheim Settemsdal. (Museets fotosamling)

Historia f Sjølskotløp.jpg

Jens Fjølås Settemsdal (1816-1906) felte 17 bjørnar – to av dei med sjølskott. Her er sjølskottløp frå Jensstua. (Museets fotosamling)

Historia g Joar TØNDEL Foto Ingrid Kr Sollid.jpg

Joar Tøndel gjorde greie for Fjølåsgrenda og slekta der. (Foto Ingrid Kristine Sollid)

Historia h Besøk på Fjølåsen.jpg

Settemsdalingar og lensvikingar på Fjølåsen, truleg i 1950-åra. John L. Settemsdal (f. 1878, sønnesønn av Jens) i den svarte hatten. (Foto: Olav Torvik)

Historia i Oppigarden med Fellesfjøset.jpg

Oppigarden med fellesfjøs og kyr i juli 2018. (Foto: Bernt G. Bøe)                               /