Unni Boksasp og Gro Kjelleberg Solli_1024x683

Herleg Magnhild-konsert!

Forestillinga om Magnhild Almhjell fekk velfortent, ståande applaus av dei kring 40 tilhøyrarane som var til stades i låven på Åsen bygdemuseum i formiddag. Åslåven, men gamle reiskapar og lys som strøymde inn gjennom glipene i bordkleinga, sette perfekte rammer kring ein teaterkonsert prega av kvalitet og høge prestasjonar.

Sterke songprestasjonar på Åsen av Unni Boksasp (t.v.) og Gro Kjelleberg Solli. Alle foto: Norunn Holten

Hege Rohde var ansvarleg for manus og regi for forestillinga, og Anne Kleivset var musikkansvarleg. Hege Rohde har arbeidd som skodespelar, dramatikar og instruktør, og har sidan 1973 vore tilsett ved Trøndelag Teater. Ho er i dag pensjonist. Anne Kleivset er folketonesongar, dirigent og songpedagog, og er som mange sikkert veit frå Halsa. Ho bur no i Trondheim der ho også kom i kontakt med Hege Rohde. Med desse to damene ansvarlege for manus, regi og musikk, var eit godt grunnlag for ei kvalitetsforestilling lagt.Forteljinga om livet til Magnhild Almhjell vart fortalt på ein så god måte at det var mest som om vi alle som var til stades i salen, skulle ha kjent henne. Forteljinga om Magnhild vart like fengslande som ho som menneske måtte ha vore: sterk, kunnskapsrik og engasjert. Og ikkje minst: særeigen. Det er kanskje det som aller mest gjer henne så lett å bli glad i.

Samarbeidet mellom Rohde og Kleivset må også ha fungert veldig godt, for her fungerte tekst og musikk saman som to knepte hender. Dette er eit samarbeid vi bør få sjå meir av!

Dei fem artistane som framførte forestillinga var også svært dyktige. Unni Boksasp frå Straumsneset har allereie fleire gongar tidlegare gledd surnadalingane med fantastisk song, og ho levert som vanleg imponerande songprestasjonar. Det gjorde også Gro Kjelleberg Solli, opprinneleg frå Angvika. Jon-Ivar Smiset gjorde det stort, ikkje minst som imitator av dyrelydar, og Torgeir Leivdal på fele og Øystein Sandbukt på gitar sette tonar til orda. Alle fem deltok i tillegg i forteljinga av livshistoria til Magnhild.

Rammene kring forestillinga var gode og enkle, og regien gjennomarbeidd. Her var det som alt tidlegare sagt kvalitet i alle ledd, så vi reiser oss saman med publikum på Åsen og klappar for teaterkonserten om livet og musikken til Magnhild Almhjell.

Samstemt duo: Musikkansvarleg Anne Kleivset (t.v.) og  ansvarleg for manus og regi, Hege Rohde, hadde lagt grunnlaget for ein vellykka teaterkonsert, og var godt fornøgdemed resultatet etter endt forestilling.

Let publikum bli kjente med Magnhild Almhjell: Frå venstre Unni Boksasp, Torgeir Leivdal, Gro Kjelleberg Solli, Jon-Ivar Smiseth og Øystein Sandbukt.