Henning Sommerro 2

Vårsøghelga 2019 er i gang:

Herleg Henningtime starta Vårsøghelga

Vårsøghelga 2019 tjuvstarta fredag med "Henningtimen" i Svorkasalen, og med lun humor og kjappe replikkar skapte Henning Sommerro, som vanleg, god stemning.

Både dei inviterte 8. klassingane og alle andre frammøtte såg ut til å storkose seg i selskapet til Sommerro, og det som på førehand var annonsert som ein "annleis musikktime" fall tydeleg i smak hos det unge publikummet.

Komponisten og musikaren starta med å synge "No vil vi søng", og slo deretter fast at han skulle vere diktator dei neste 45 minutta. Og han var imponert over gjengen han skulle "herske" over. 

– De ser til og med nyvaska ut. Stort sett, i alle fall, sa Sommerro, til stor latter i salen.

Og latteren satt laust gjennom heile Henningtimen.

Sommerro fortalte dei frammøtte at han tidleg fatta interesse for musikk, mellom anna saman med naboen Jon Skogstad. Henning serverte åttandeklassingane fleire av dei første songane han laga. 

Blant desse var "Can't you see Mariann", som Henning laga melodien til då han gjekk i femteklasse.

Han fortalte og om korleis det gjekk til då han fatta interesse for Hans Hyldbakk og tekstane hans.

– Hans viste meg at eg kunne halde på med noko anna enn det alle andre gjorde.

– Samtidig utgjer samarbeidet med Hans Hyldbakk og den biten kanskje 10 prosent av det eg har gjort. Eg set veldig pris på å verte assosiert med Hans, "Vårsøg" og det eg har laga der, men for meg er det berre ein liten bit av alt eg har vore borti.

Sommerro fortalte og ei historie om korleis han kunne vore ein langt rikare mann enn han er i dag.

– Eg heldt på å bli millionær for 20 år sidan, då musikkprodusentane Stargate tilpassa ein ny rapversjon av "Vårsøg". Dei ville gje den ut i Asia, og eg fekk tilsendt ein veldig stor kontrakt. Eg hugsar eg skulle rekke ei ferje, så eg las ikkje kontrakten så nøye før eg signerte. Det viste seg at songen vart spelt inn av ei veldig kjend gruppe i Sør-Korea, og vart årets hit der. Den vart og stor i Taiwan og Kina.

– Etterpå fekk eg høyre av bransjefolk at eg nok hadde gått glipp av mange millionar. Så det var litt synd, då hadde eg ikkje stått her, men budd i eit hus på Bahamas, smilte Sommero.

Sommerro roste musikkmiljøet i Surnadal, både då han sjølv var på sitt mest aktive, og i tida fram til i dag.

Publikum fekk deretter ei innføring i historia om Ole Andreas Lindeman og Lindeman-slekta. Lindeman får Vårsøgpublikummet verte betre kjend med under ein eigen konsert på Øverlandet laurdag.

Blant songane elevane fekk servert denne fredagen, var "Lovtale Yver Culturen", med tekst av Ivar Aasen.

– Det er Noregs første rap på nynorsk, laga for 35 år sidan. Det er ikkje dårleg, sa Sommerro med eit smil.

Også "E slåttatæja" og "Poilla-karrainn" stod på spelelista til Sommerro under Henningtimen, der han og fortalte om då han vart invitert til Los Angeles i samband med at hans "Ujamaa and the Iceberg" vart nominert til Grammy-pris.

Avslutningsvis improviserte Henning Sommerro ei takkevise til elevane for at dei møtte opp, og nok ein gong lokka Surnadal sin kanskje største son fram latteren hos publikummet sitt.

– Tru på at de e de likast i ver'n, var bodskapet Sommerro gav 8. klassingane før han sette eit vakkert punktum for Henningtimen med "Vårsøg".

690 Henning Sommerro 1.jpg

Henning Sommerro 3.jpg


Vårsøghelga er medlem av Trollheimsporten.