Frå Bøfjorden Sjøbruksmuseum

Helse i fokus

I serien med sommarprogram tok Bøfjorden Historielag søndag for seg temaet «Helse» i lokalt og historisk perspektiv. Mange møtte fram.

Åsskard Helselag har frå starten (som «Åsgårds Sanitetsforening») i 1914 vore ein institusjon innan sunnhet og trivsel. Fram til 1970 hadde laget eigen sjukepleiar. I seinare år har ein arbeidd for livskvalitet i vidaste forstand – frå fotpleie til skulefrukost og hyggekveldar. Medlemstalet har til tider vore svært høgt – på 1980-talet var bortimot halvparten av innbyggjarane i kyrkjesoknet med! Sidan 2005 har «Hyggekroken» vore møtestad for mange, og laget fekk i jubileumsåret 2014 tildelt heidersbevis frå Surnadal kommune for dette. Bøfjorden Historielags viste biletserie om arbeidet og overrekte ei lita påskjønning til helselaget via leiar Jane Nordstrand Svendsli.

Helse a Øvrevik Johan Fr 1883-1969 (2).jpg
Sentrale på kvar sin måte i programmet: Frå venstre leiar i Åsskard Helselag, Jane Nordstrand Svendsli, kåsør Linda Therese Bøe og Kari Betten, dotter av distriktslege Johan Øvrevik. (Foto: Bernt G. Bøe)


Doktorlegende

Doktorlegenden Johan Fredrik Øvrevik (1883-1969) vart heidra gjennom ein eigen del av biletserien. Gjennom lydopptak frå 1961 fortalte han sjøl om strabasiøse og farlege reiser på kryss og tvers av distriktet Halsa, Tustna, Valsøyfjord og Åsskard og utrykningar til både Aure og Smøla attåt. Han måtte operere blindtarm og opne lunger på kjøkenbord i heimane og kom gjerne sjøvegs til Bølandet på sjølvaste julekvelden. At Øvrevik tok regelmessig vidareutdanning over 80 år gammal, seier det meste om ein personlegdom som stod over alle andre i beundring og aktelse. Dottera Kari Øvrevik Betten var blant publikum i salen.

Helse b Øvrevik Johan Fr 1883-1969.jpg
Johan Fr. Øvrevik – legendarisk distrikslege. (Bøfjorden Historielag)
 

Universitetsoppgåve

Linda Therese Bøe gav dei over 60 frammøtte eit fascinerande blikk inn i si bachelor-oppgåve frå Universitetet i Agder om utviklinga av legevitenskapen frå oldtida til slutten av 1800-talet. Ho har forska på «Sunnhetskommisjonen» i Stangvik og Surnadal, som starta lenge før slike vart lovpålagde for heile landet. Ut frå materialet hennar kan ein statistisk lese seg til korleis alvorlege sjukdomar gjorde seg gjeldande i lokalmiljøet. Vaksinasjonsattestar frå tidleg 1800-tal illustrerte også gamle dagars gryande helsearbeid.

Helse d Koppevaksine 1833.jpg
«Ko-Koppe-Indpodnings-Attest» for halvanna år gamle Svend Christensen Baglie (Baklia ved Hamnes) anno 1833. Attesten er eit tidleg eksempel på vaksinasjon i helsetenesta. (Eigar: Alf Solem)
 

Museet er møtestad

Ved sida av regelmessige kulturprogram er kaffekoppen og det sosialet samveret ein grunn til at gjennomsnittleg eit halvt hundre menneske finn vegen til Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Denne søndagen møttest for eksempel skulekameratar frå 1940-talet, som ikkje hadde sett kvarandre på 70 år ...

Helse b Øvrevik Johan Fr 1883-1969 (3).jpg
Gjensyn 70 år etter skuledagane i Bøfjorden: Sverre Fossen (t.v., pensjonert skulemann frå Leikanger) og Oddvar Bøklepp (tidlegare sjømann og industriarbeidar og hyppig gjest på museet). (Foto: Bernt G. Bøe)
 

Programmet var det 11. i sommarserien på museet. Neste helg er det markering av Redningsselskapets 125-årsjubileum.

 


Innsendt av Bernt G Bøe