Anders Magne Ormset og Tonje Fuglås Kvendbø_350x289

Heider til Tonje for nordisk jaktskyting

I samband med Surnadal jeger- og fiskerforening sitt årsmøte 16.februar, fekk Tonje Fuglås Kvendbø velfortent heider etter sin seier i NM nordisk jaktskyting 2010. I tillegg til å vinne to av fire enkeltgreiner, vann ho også samanlagt. Ho fekk ein gåvesjekk på 1000 kroner frå foreininga sin hovudsponsor Surnadal Sparebank. På årsmøtet vart for øvrig Anders Magne Ormset gjenvalt som leiar.

Sjur Skuggevik er nestleiar i foreininga, kvinnekontakt er Anne Lise Holten og Tonje Fuglås Kvendbø er leiar av ungdomsutvalet.

For øvrige tillitsvalte, sjå oversikt på foreininga si heimeside www.njff.no/surnadal.

Surnadal jeger og fiskerforening har per i dag 320 medlemmer.