Heider for lokal red

Heider for lokal innsats

Bøfjorden Historielag gir kvart år påskjøning til nokon som gjer ein særleg innsats for folket og bygda si. Utdelinga av den såkalla «Trollbakkprisen» er eit høgdepunkt under 17. maifeiringa kvart år. Årets tildeling gjekk til Magne Einar Bøe – for mangeårig innsats på ymse felt.

Han stod i spissen for Bøfjord Idrettslag i 1977-1979 og 1984 og var i mange år leiar i Hjelmen Skytterlag. I to periodar var Magne leiar i Åsskard sokneråd.

– Og ikkje minst vil vi rose han for innsatsen som formann i Bøfjord Samvirkelag, sa juryleiar Kåre O. Bøklepp ved tildelinga på 17. maifesten.

Denne påskjøninga har vore utdelt sidan 2008. Namnet er henta frå Trollbakken – eit utsiktspunkt som inspirerer til vyer og visjonar over bygda og såleis er i tråd med formålsparagrafen. Vinnaren får eit diplom med motiv frå Trollbakken og dessutan ei gåve som er i tråd med vinnaren sine interesser.

 

Foto: Ein overraska Magne Bøe (t.v.) mottok årets «Trollbakkpris» frå juryleiar Kåre O. Bøklepp.

Bøfjorden Historielag.