Søndag
Søndag Skyet
Skyet
Flau vind
Mandag
Mandag Skyet
Skyet
Flau vind
Willy sept 11 B0029_1024x863

Willys arkivdykk 116 fra midten av 1980-åra

Heider for lang tjeneste og besøk frå lensmann og Per Borten

Denne gongen har Willy tatt fram fleire ting, blant anna ein reprise frå ein heider for lang tjeneste, der Mary Røen fekk gullklokke. Det bildet har vi vist fram før - no følger reportasjen med. Vidare kan vi sjå lensmann Einar Glåmen på barnehagebesøk og den gamle Sp-høvdingen Per Borten på besøk i Surnadal. Trollheimsporten har fått tilsendt navn på barnehageungene.

Over ser du reportasjen frå da Mary Røen fekk gullklokke for 30 års tjeneste ved Rindal Alders- og Sjukeheim, som var namnet på helsetunet den gongen. Det var ordførar Lars Gåsvatn som sto for utdelinga (til høgre) under den årlege julemiddagen for kommunestyrerepresentantane på Rindal Kro. Same kveld fekk Torleif Bergheim heider for å ha vore revisor i kommunen i 22 år.

Under ser du først eit bilde frå ein barnehage, der lensmann Einar Glåmen er på besøk. Kva for barnehage dette er, er ikkje Willy heilt sikker på. Truleg er det barnehagen ved Mo skule, men det kan og vera Bolme barnehage. Kanskje lesarane kan hjelpe oss både med kvar det er og namna: redaktor@trollheimsporten.no.

 

 

Helga Moen kjenner igjen ungene- og Moe Barnehage. Navn på gjengen:

Fra venstre bak: Kristin Aunebakk, Inger Elin Røv, Bjørn Moen, Rune Kjølstad, Konny Helen Gjeldnes, Emil Sigurd Skrede Buvarp, Gro Kvammen.
Fra venstre foran: Helga Moen, Vegard Moen Pedersen, Ingebrigt Aune

Nederst ser du den gamle Senterparti-høvdingen Per Borten på surnadalsbesøk. Kjenner du att surnadalingene her?

Har du kommentarar eller noko du vil fortelle omkring dette arkivdykket fra Willy - bruk: redaktor@trollheimsporten.no og del det med alle på Trollheimsporten.

Willys arkivdykk er bildeglimt, reportasjar og avisstoff fra eit mangslungent og omfattande bilde-, film- og klipparkiv til Willy Karlstrøm i Trollheimsporten. Willys arkivdykk finn du under På Porten på den grå menylinja, når du er på Hovedsida på Trollheimsporten. Alle arkivdykk er tilgjengelege på Willys arkivdykk, Willys arkivdykk 1, Willys arkivdykk 2 og Willys arkivdykk 3 - der du finn dette stoffet. I tillegg finn du mykje anna godt stoff under På Porten - blant anna frå Edgar Kattem, Edgar Landsems utklipp fra Øvre Sæter Camping og Harald Solvik (dei siste to under Willys arkivdykk).