Pudderføre
Pudderføre
Jon Bruset Gå til galleriet
Torsdag
Torsdag Skyet
-1°
Skyet
Flau vind
Fredag
Fredag Skyet
Skyet
Stille

Hei du, bli med oss!

Hei, vi heiter Tonje Mogstad Høivik (25) og Bjørn Tore Brøske (44), og er Trollheimsporten sine ansikt utad i Surnadal. No vil vi ha engasjerte medskribentar frå heile kommunen med på laget.

Vi arbeider i Amfi Kreativ, og inngår i avtalen som tidlegare i vår vart inngått mellom byrået og Trollheimsporten om dekkinga av Surnadal.

Trollheimsporten leiger no ei 50 prosent webredaktørstilling hos Amfi Kreativ, noko begge partane ser på som starten på eit godt samarbeid mellom nabokommunane Surnadal og Rindal. Begge bedriftene har eit stort ønske om å profilere regionen, med fokus på positive nyheter. I tillegg meiner både Amfi Kreativ og Trollheimsporten det er svært viktig å satse på web og digitale medier.

Bjørn Tore Brøske og Tonje Mogstad Høivik treng fleire medarbeidarar for Trollheimsporten i Surnadal.

Stadig fleire besøk: Vi vart tilsette i Amfi Kreativ tidlegare i år, og skal dele på rollene som webredaktørar og tekstforfattarar i bedrifta. Vi gler oss til å vere med på utviklinga av Trollheimsporten i dalføret. Det er verkeleg positivt at Rindal og Surnadal samarbeider på denne måten, og vi skal gjere vårt for at Trollheimsporten fungerer som ein felles møtestad på nettet.

No håpar vi at surnadalingane vil vere med på å byggje eit positivt omdøme av bygda si, og i tillegg sjå mulegheitene som ligg i å marknadsføre seg på nett.

Trollheimsporten er i ei svært god utvikling sidan lanseringa av nye nettsider 1.februar 2010. I mars sette vi ny rekord i besøk med over 122.000. Dagleg er det rundt 4000 som er innom Trollheimsporten.

Ta kontakt og kom med tips:Vi skal også vere Trollheimsporten sine journalistar i Surnadals-regionen. Målet er å dekkje både små og store hendingar, og på den måten gi dei stadig fleire brukarane av trollheimsporten.no ei god oversikt over alt det spennande, mangfaldige, overraskande og positive som skjer i Surnadal. Det er berre å ta kontakt dersom du har behov for å få dokumentert nyheter/hendingar.

Men vi rekk ikkje over alt. Difor må du ta kontakt og tipse oss.

Send inn bilder og stoff frå ting du har vore på - eller berre eit fint bilde. I Trollheimsporten er terskelen låg, alle kjem med!

Treng skribentar: For å gjere Surnadals-dekninga så god som muleg, søkjer vi også etter nye medredaktørar og skribentar som kan bli med på ”laget” vårt i Surnadal. Er du interessert i å skrive og fotografere, så er du den rette for oss!

Vi treng medarbeidarar frå heile kommunen, både unge og eldre, som kan sende inn saker på eige initiativ og gjerne også ta vakter og oppdrag. Det er berre å ta kontakt!

Tonje er å treffe på tlf 450 65 138 og på e-post tonje@trollheimsporten.no eller tonje.hoeivik@amfikreativ.no  

Bjørn Tore er å treffe på tlf 958 23 180 og på e-post bjorntore@trollheimsporten.no eller bjorn.tore.broske@amfikreativ.no

  • Digg this
  • Delicous
  • Myspace
  • Stubmleupon
  • Friendfeed
  • Tips en venn
  • Skriv ut
E-henvendelser: redaktor@trollheimsporten.no