Picasa

Heder og ære på bedehuset

Under samlinga «Sammen på søndag» i Rindal sist søndag var det to enkeltpersonar som stod meir i sentrum enn vanleg på Rindal Menighetshus, eller i denne samanhengen Rindal Bedehus.

Astrid og Asbjørn Flø fekk takk for innsatsen etter over 20 år som vaktmeistrar, og for ein god del av tida, reinhaldarar på bedehuset. 1.september i haust gjekk bedehuset over til å bli menighetshus for Rindal sokn. Dei nærmer seg 170 år tilsaman, og da kan det vere greitt å pensjonere seg.

Det har vore mange turar til og frå bedehuset for å sette på varme, og for å slå av varme i eit hus som har hatt 150 – 180 tilstelningar i året. Asbjørn var glad for automatikken som var innført i dei seinare åra. Det letta mykje.


Heidersparet!

 

  

Her ser du framsida og baksida (t.v.) på den originale diplomen som Johan Helgetun hadde laga til Astrid og Asbjørn Flø.

 

Fram til for 10 år sidan var det andre som hadde reinhaldet. Etter den tid har dei vore einerådanede, sa Asbjørn. Det er også dei som har hatt ansvaret for å ta imot bestilling av huset. - Vi har nok ikkje vore feilfrie, meinte Asbjørn. Det har hendt at folk har komme til kaldt hus.

 

Vi trudde ikkje at dette hadde vore noko belastning, sa dei, men vedgjekk at dei hadde ei god kjensle den 1.september likevel.

 

 


"Pensjonistane" flankert av styremedlemmene Arvid Koksæter, Britt Sveen Bolme, Berit Halsetrønning, Inghild Helgetun, Kjellaug Foseide - og heilt til høgre styreledar Johan Helgetun.

 

No er det Rindal Menighetshus som er namnet på bedehuset.
All kontakt om leige av huset går no til kyrkjekontoret, post@rindal.kirken.no eller tlf. 716 57 060. Rindal kirkekontor i gammelkommunehuset har kontortid tirsdag og fredag kl.10.00 – 14.00 (716 64755).

 

I samband med overdraginga vart det også betydeleg oppgradering av toalettet, frå to svært små til eitt stort handikappvennleg toalett med stellebord! Toalettet er no teke i bruk utan nokon offisiell snor- eller dopapirkutting. Ein må berre ikkje trivast så godt der at nestemann får problem!

 

Johan Helgetun er ledar for styret for menighetshuset, som forresten hadde eit tilbod til soknerådet i samband med overtakinga: Styret kunne fortsette! Innvilga!


Dugnadsgjengen: Ola Sæther, Arvid Koksæter, Harald Helgetun og Johan Helgetun fekk takk og blomster.

 

Helgetun hadde ansvaret for oppgraderinga av toalettet. Det hadde ikkje vorte til utan stor dugnadsinnsats. Han har rekna ut at det hadde vore utført 165 dugnadstimar av dei fire i dugnadsgjengen. Det tilsvarer ein verdi på kr. 40 000,-. I tillegg til gaver frå privatpersonar, fekk bedehuset ein større sum frå Rindal Sparebank til denne oppgraderinga.

 

Dermed kan vi gratulere rindalingane med eit flott, brukarvennleg menighetshus.