Heder og ære til veteranar

I dag fekk åtte veteranar sine velfortente medaljar og diplomar, og fire av dei møtte på kantina ved Surnadal sjukeheim. Dei hadde alle tenestegjort i Tysklandsbrigaden etter krigen.

Dei allierte styrkane okkuperte Tyskland etter siste verdskrigen og det var rundt 50 000 norske soldatar som var stasjonerte i Tyskland i åra 1947 til 1953. Der var dei under britisk kommando, først i Harz-området, seinare i Schlesvig-Holstein.

IMGP9767.JPG
Olav Magne Gjengstø, Johan Gjørvard Gravvold, Bjarne Ranes og Jon Ørsal fekk tildelt medaljer og diplomar av major Dag Torhaug.

Veteranene fekk tildelt to medaljer.

2017-09-020_690x870.jpg
Tysklandsbrigadens veteranmedalje er ei norsk utmerking som vart stifta i 1991. Tysklandsbrigadens Veteranforbund deler ut denne medaljen til personell som har gjort teneste i Tysklandsbrigaden.

2017-09-19 14.46.29.jpg
«Forsvarets medalje for internasjonale operasjoner» blir tildelt norske militære som har deltatt i slike oppdrag bestemt av norske myndigheiter som takk og anerkjenning.

IMGP9756.JPG
Bjarne Ranes får medaljene sine.

Dette blir noko å pynte seg med for dei flotte karane til 17.maitoget neste år!

IMGP9750.JPG
Jon Ørsal og kona studerer diplomane som følgde med medaljene.

21868244_10159187030775562_1599974591_o.jpg

Daniel N. Bøe tok imot medaljene på vegne av bestefaren, Ansgar Bøe, og fekk streng beskjed om å sette dei fint på brystkassa hans! Her er oppdraget utført!
Daniel fekk forresten nettopp godkjenning som sersjant. Peder Bævre, Sivert Bævre og Johannes Holten får også hedersmerka sine. Johannes Holten kunne ikkje møte fordi veteranen var i Molde for å hente ny bil, ein Mercedes 2-seters sportsbil, kunne Holten fortelle.

Tysklandsbrigaden var starten på det som seinare vart Brigade Nord. Når Tysklandsbrigaden vart avvikla i 1953, vart dei 3 bataljonane flytta nordover som Brigade Nord.

Tenesta i Tysklandsbrigaden var ein del av førstegongstenesta. Soldatane vart ikkje spurt om dei ville ta denne tenesta. Dei vart beordra. Dei fekk eit kurs på 6 månader før dei vart sende til Tyskland, der dei gjorde teneste i 6 månader.

Rundt 1950 var ikkje slike reiser vanleg for norske ungdommar, så det vart ei stor oppleving for dei, sjølv om dei ikkje ønska seg dette opphaldet.

IMGP9732.JPG

Etter utdelingsseremonien kunne veteranane med venner og familie kose seg med kaffe og spesialpynta marsipankake.

IMGP9770.JPG
Samtalen gjekk livleg rundt borda.

IMGP9769.JPG

2017-09-19 14.59.02.jpg
Olav Gjengstø, nr. 2 frå høgre, hadde kjøpt seg fotoapparat i Tyskland, belgkamera, sikkert Kodak. Han tok mange bilde som han hadde med seg. Nedafor kan du sjå nokre av dei.

2017-09-19 15.01.33.jpg

2017-09-19 15.07.47.jpg

2017-09-021_690x1035.jpg

Forsvarssjefen har gjennom Veteraninspektøren som oppgåve å ta vare på og å følge opp veteranar som har gjort teneste for Norge i utlandet. Olav Jostein Holten i Indre Nordmøre Fosvarsforening, er ein av medhjelparane i å leite opp veteranar i Surnadal.
Kjenner du nokon som ikkje har fått denne velfortente æra, så er det han du må kontakte.

IMGP9763.JPG