Lørdag
Lørdag Lette snøbyger
Lette snøbyger
Svak vind
Søndag
Søndag Klarvær
-2°
Klarvær
Flau vind
Indre Nordmøre Senioruniversitet logo

Indre Nordmøre Senioruniversitet melder:

Haustsemesteret startar med krigsminnevandring

Indre Nordmøre Senioruniversitet startar haustsemesteret laurdag 16. september med ei vandring på Øye i Surnadal. Ikkje alle veit at det her, på og rundt skoleområdet, var stor tysk aktivitet under krigen, og at det framleis er mogleg å sjå spor frå den tida.

Senioruniversitetet har fått tak i kart frå 1944 over området, og det vil bli presentert saman med nye dronebilde, i tillegg til at Øyvind Holte blir lokal kjentmann. Nærare informasjon om frammøtestad og tidsplan følgjer seinare.

Seinare i haust tar Senioruniversitetet sikte på å få til eit møte om situasjonen for bileigarar og bilkjøparar når dei skal velje mellom bensin- eller dieselbilar, elektriske bilar eller hybrid-bilar.

 

Indre Nordmøre Senioruniversitet er medlem i Trollheimsporten.

Tips en venn Skriv ut