392_690x459

Haustavslutning for stavganggruppa

Torsdag 9. oktober møttes vi på Vang skiarena, og dette var siste stavgangturen i år. Heile 14 deltakarar deltok i det fine haustvèret!

Etter turen bar det innomhus på graut og bakels, noko som høyrer med på sesongavslutningane.

Stor takk til musikantane Guri Saltnes og Lars Vang, forsterka med Ola Svorken, for den fine musikken. Takk òg til dei som ordna med graut og bakels, og til IL Søya for at vi får bruka huset deira på Vang.

Tekst/foto: Vidar Sogge
 

385_690x460.jpg
Mesteparten av dei 41 deltakarane klare til start.

 

388_690x460.jpg
Brit Nordvik studerer modellen som viser korleis dei før tørka torv til strø og brensel.

 

392_690x459.jpg
Ein kort pause før vi startar ned Langbrekka. 

 

400_690x460.jpg


393_690x460.jpg
Medan ein del går utover mot Stangvika, vel resten å gå opp på Storåsen (Kvennaåsen).

 

396_690x920.jpg
På Storåsen

 

400_690x460.jpg
Etter turen ber det inn på graut og bakels.

 

401_690x459.jpg
Frå matpausen

 

403_690x459.jpg

 

404_690x460.jpg

 

405_690x460.jpg
Som avslutning på vår- og haustsesongen, har vi i fleire år vore så heldige å få Guri Saltnes og Lars Vang til å underhalda med trekkspel- og felemusikk. 

 

406_690x1035.jpg
Så fin og taktfast var musikken at Ola Svorken fauk opp frå benken og baud Olina Halle opp på dans!

 

408_690x460.jpg
Etterpå stryk Ola ut og kjem inn att med to-radaren, som han alltid har liggjande ute i bilen. Med to trekkspel blir det enno friskare musikk, og folk syng og trallar med, og golvet fyllest med dansarar! (Plass til berre to par om gongen!)