Damekor

Har du lyst å vere med i eit damekor?

Vi vil gjerne ha med oss fleire i koret! Dette vil vere eit kor tilknytta kyrkja, der vi syng alt frå gospel/negro spirituals/folketonar/songar frå Taizè og den verdsvide kykja, og nyare salmar/songar frå den nye salmeboka vår.

Ikkje alle som har lyst å syngje i kor, finn ein naturleg plass i dei kora som allereie er etablert i Surnadal.

Kantor Oddveig Helset Halle stiller som dirigent og seier at øvingane blir lagt til tysdagar kl.19.00-20.30 på kyrkjelydshuset på Skei.

Velkomne til første korøving tysdag 22. september kl.19.00.