Norunn 2_1024x1438

Hallo Surnadal!

Første oktober starta eg som medredaktør på Trollheimsporten i 50 % stilling, med spesielt ansvar for Surnadal. No har eg “kome i siget” i den nye jobben, og oppfordrar både medlemmer og andre i Surnadal om å ta kontakt. Jobben min vil i stor grad gå på oppfølgjing av medlemmene, så eg håpar spesielt de tek kontakt om det er noko konkret eg kan hjelpe dykk med. Eg ønskjer også at vi kan snakkast om korleis de generelt ønskjer å bruke Trollheimsporten, og korleis vi kan få til dette.

-Ta kontakt med oss på Trollheimsporten! oppfordrar Norunn Holten og Willy Karlstrøm. Foto: Per Jarle Eide

Jobben min er å hjelpe dykk som er medlemmar med positiv publisitet. Eg håpar vi på den måten kan få ein dobbel, positiv effekt! Anten du no representerer eit foretak, eit lag eller ei foreining, vil de kunne markere dykk positivt gjennom enkeltoppslag på Trollheimsporten. I tillegg vil summen av alle oppslag gi eit postivt bilde av Rindal og Surnadal som område. Det vil sjølvsagt kunne ha positive ringverknader! Trollheimsporten er mellom anna mykje lest av utflyttarar og studentar som vil følgje med på kva som foregår i heimbygda. Mange aktivitetar og tilbod gjer området vårt til eit meir attraktivt område å flytte (tilbake) til, enn om det er lite som foregår. Å gjera mulegheitene og aktiviteten synlege for omverda, er derfor viktig, slik eg ser det.

Så ta kontakt straks om det er noko de vil ha gjort kjent! Eg arbeider på bygdebokprosjektet i Surnadal på tirsdag, onsdag og føremiddag torsdag, og er derfor lettast å treffe utanom desse tidspunkta. Ta kontak på e-post norunn@trollheimsporten.no, på telefon 90 61 30 77 eller ved personleg frammøte! Eg ventar på å høyre frå dykk! I tillegg kan de også nå Trollheimsporten gjennom hovedredaktør Willy Karlstrøm, e-post willy@trollheimsporten.no og tlf 915 35 032, og adressa redaktor@trollheimsporten.no, der det alltid er nokon på vakt!