Onsdag
Onsdag Delvis skyet
Delvis skyet
Lett bris
Torsdag
Torsdag Kraftig regn
Kraftig regn
Frisk bris
Grønlifeltet 50 år 10001_1024x802

Willys arkivdykk 117 - Driva i september 1985

Grønlifeltet 50 år - for snart 30 år sidan

Denne gongen er det mykje godt lesestoff i arkivdykket til Willy. Det er henta frå Driva i september 1985 og omhandlar Grønlifeltet. Bureisingsfeltet feira 50 år for snart 30 år sidan og Willy laga ein artikkelserie: Frå nybrottsland til lokalsamfunn. For 80 år sidan var det stor strid i Rindal heradsstyre om bureisingsmennene. Kos deg med korleis Grønlifeltet vart til og utvikla seg. Det har og skjedd store endringar dei seinare 30 åra:

Slik innleia Willy artikkelserien:
På 50 år har Grønlifeltet utvikla seg til eit lite, men utsett lokalsamfunn med godt samhald. Mange søkte om å få bli bureisingsmenn her først på 30-talet, og det var stor strid i heradsstyret om kven som skulle få lov til å sleppe nedpå. Etter ein del omstokkingar vart ein endeleg einige om dei 15 bureisarane.

Sidan har det gått mesta 30 år og mykje har igjen skjedd i Grønlifeltet. Kanskje nokon kan fortelle meir om det? Send gjerne nokre ord til redaktor@trollheimsporten.no. Ellers er det berre å kose seg med dette lesestoffet - innleiinga over og artiklane etter kvart nedover.

Har du kommentarar eller noko du vil fortelle omkring dette arkivdykket frå Willy - bruk: redaktor@trollheimsporten.no og del det med alle på Trollheimsporten.

Willys arkivdykk er bildeglimt, reportasjar og avisstoff frå eit mangslungent og omfattande bilde-, film- og klipparkiv til Willy Karlstrøm i Trollheimsporten. Willys arkivdykk finn du under På Porten på den grå menylinja, når du er på Hovedsida på Trollheimsporten. Alle arkivdykk er tilgjengelaege på Willys arkivdykk, Willys arkivdykk 1, Willys arkivdykk 2 og Willys arkivdykk 3 - der du finn dette stoffet. I tillegg finn du mykje anna godt stoff under På Porten - blant anna frå Edgar Kattem, Edgar Landsems utklipp fra Øvre Sæter Camping og Harald Solvik (de siste to under Willys arkivdykk).