Picasa

Grenselaust språk

Laurdag var det fokus på språket i kommunane og dei nasjonale føringane i språkpolitikken som stod i sentrum i eit seminar under Vårsøghelga i den nordlegaste nynorskkommunen i verda!

Hovudinnleiarar var Ottar Greipstad, som er direktør i Nynorsk kultursentrum og Per Olaf Lundteigen, ikkje ukjent stortingspolitikar med syn for distrikta og evne til å få det fram.

På bildet ovafor ser du frå venstre: Ole Magne Ansnes, Per Olaf Lundteigen, Sigbjørn Hjelmbrekke, Ingar Arnøy og Ottar Greipstad.

Per Olaf Lundteigen 1_690x1036.jpg
Per Olaf Lundteigen hadde grepet både på talarstolen og publikum.

Det var Sunndal kommune og Sunndal Mållag, som inviterte til språkseminar i samarbeid med ORKIDÉ og Surnadal kommune.

Lilly Gunn Nyheim 2_690x460.jpg
Ordførar Lilly Gunn Nyheim (over) helsa forsamlinga velkomne til kulturbygda Surnadal. Surnadal er den kommunen som er lengst nord av nynorskkommunane i Noreg, og dermed er det den nordlegaste nynorskkommunen i verda!

Velkomsten var illustrert med mellom anna presentasjon av tre kvinnelege bønder med tru på framtida, Amfisentret som finns over heile landet, men har hovudsete i Surnadal og lastebilane frå Surnadal Transportsentral kan du møte over heile Europa.

Sigbjørn Hjelmbrekke_690x461.jpg
Nestledar i Noregs Mållag, Sigbjørn Hjelmbrekke (over), hadde opningsinnlegget. Han appellerte til alle om å bruke nynorsken meir på alt frå handlelappar til saksførebuingar. Det er 100 år sidan sidemål vart innført, men nynorsken er avhengig av førstemålbrukarar.

I Bergen vart det nyleg avvist å fjerne sidemålsundervisninga. I staden var det vedteke sidemålsundervisning alt frå 3.klasse.

- Språk i offentleg forvaltning er svært viktig. Derfor er dette seminaret viktig, sa han.

Ole Magne Ansnes_690x460.jpg
Kultursjef Ole Magne Ansnes frå Sunndal (og Bøfjorden) var ordstyrar under seminaret. Han følte ikkje at han hadde full kontroll over alle innslaga under seminaret da Anne Kleivset (nedafor) reiste seg opp frå plassen sin og gav forsamlinga eit kvad.

Anne Kleivset 2_690x461.jpg

Ottar Greipstad_690x461.jpg
Direktøren for Nynorsk Kultursentrum, Ottar Greipstad (over), ønska å avlive 10 myter om nynorsken:

  1. Den er konstruert

  2. Den er unødvendig

  3. Det er dyrt med to språk

  4. Det er eit lite språk som blir stadig mindre brukt

  5. Det er eit minoritetsspråk

  6. Det er eit elitespråk

  7. Det har mange rare ord

  8. Det er ein tids-tjuv

  9. Det er utdøyande

  10. Den norske språkstriden har vore eit problem

 

Desse mytene avliva Greipstad etter tur. Nynorsk er ikkje eit fjernt språk. Med dialekt på sosiale media har nynorskbruken auka. Det er også slett ikkje unormalt at eit land har fleire offisielle språk.

Eit argument mot nynorsk er at det er eit elitespråk. Det er berre dei flinkaste som greier å lære to språk. Til det fortalte Greipstad at alle undersøkingar viser det sosioøkonomiske faktum at bokmålsfolk har høgast løn og best økonomi.

Alle språk er vanskelege når du ikkje møter det i kvardagen.
- Veit du kvar ekspropriasjon betyr? Spurte han.

Tonen i språkstriden er betre i dag enn for 50 og 100 år sidan. I andre deler av verda blir kulturelle konflikter løyst med vald. Vi er lang unna det.
- Nett-trolla vi blir meir og meir kjente med er nokså uskuldige.

Før han gjekk frå talastolen kalla han fram Per Olaf Lundteigen og gav han ei tunpølse frå Åsentunet som takk for innsatsen hans for å få den norske grunnlova på nynorsk.

Per Olaf Lundteigen 2_690x1037.jpg
Per Olaf Lundteigen opna innlegget sitt med å presentere seg som frå Vessfossen, eller Vestfossen, som vi kjenner staden. Industriplassen som mista arbeidsplassane. Størst var Tofte, som han også karakteriserte som sitt største politiske tap.

No tek folk bilen eller toget frå Vestfossen til andre arbeidsplassar.

Ivar Aasen og Hans Nielsen Hauge reiste rundt og snakka med folk. Dei var lokalpatriotar, men hadde overblikk både nasjonalt og internasjonalt. Dei var radikale i si tid og glødde opp andre lokalpatriotar.

- Prestar skal også vere ærlege, sa Hans Nielsen Hauge. Idealisten og entusiasten Lundteigen hentar nok mykje inspirasjon frå Aasen og Hauge.

Lundteigen var saksordførar da språket i den norske grunnlova skulle fornyast i samband med 200-årsjubileet. Det var stor usemje om dette på Stortinget. Resultatet vart at vi fekk Grunnlova både på nynorsk og bokmål.

Synet som vann fram var at den norske grunnlova skal vere eit levande dokument og grunnlaget for folkestyret.

- Den grunnlovsteksta som er lettast å forstå, er den nynorske versjonen, sa Lundteigen. No må den trykkast slik at den kan visast fram både på kontor og bibliotek, kjøkenvegger og utedo!

Henning Sommerro_690x457.jpg
Jau, da! Vårsøg-generalen Henning Sommerro var innom han også!
- He ikkje vorre nå'n språkmann, sa Henning, men han og surnadalsdialekta hører saman. Han tonesette det første Hyllbakkdiktet sitt i 15-16-årsalderen.


IMGP0077_690x461.jpg
Dette panelet gav synspunkt på identiteten til nordmøringen - er vi stolt av den, tek vi vare på den.

Frå venstre Tove Fuggelsnes, journalist NRK/ Straumsnes, Bernt Bøe, kulturarbeidar, Bøfjorden og Svein Sæter, forfattar, Stangvik. Alle var aktive dialektbrukarar og såg klart at dialektene har ei framtid.

Ingar Arnøy_690x1038.jpg
Skulemålsskrivar i Noregs Mållag Ingar Arnøy hadde gått frå bokmål til nynorsk som hovudmål i 1982. Ingen skjøna kvifor han gjekk over til grautmålet eller fjøslatin!

Han ville avlive myta at nynorsken er for sunnmøringar. Talet på nynorskelevar aukar i skulen. Nynorskprosenten aukar også i NRK, også i TV2.

- Vilkåra for å bruke nynorsk har aldri vore betre enn i dag, så han. Sidan 2002 har Noreg vore fleirspråkleg, men det er nok nynorskelevane som helst kan seie at dei er tospråklege. Det er ikkje lenger eit politisk mål at vi skal ha eitt språk i Noreg.

Kommunane vel administrasjonsspråk. Svært mange kommunar vel å vere språkleg nøytrale. Det fører oftast til at nynorskbruken tapar. Noregs Mållag meiner kommunane heller skulle erklært seg som språkleg jamstelte kommunar.

Sunndal har som målsetting i kulturplana si at dei skal vere tospråklege, sa Ole Magne Ansnes og ba ledaren i Nordmøre Mållag, sunndalingen Nils Ulvund, om å passe på det.

IMGP0094_690x460.jpg
Siste panelet var kommunerepresentantane Olaug Haugen, rådmann i Tingvoll, Ola Rognskog, ordførar i Halsa og Janne Merete Seljebø, varaordførar i Sunndal. Ein kunne, ein ville og ein både ville og kunne bruke nynorsk av dei.

Skal nynorskbruken opp, så må kanskje ordlista fram, men alle må tole småfeil.
- Det er fleire dårlege bokmålstekster enn dårlege nynorsktekster i det offentlege, vart det påpeika frå salen.

Rådet til slutt var: Skriv enkelt. Skriv korte setningar.