Lørdag
Lørdag Skyet
11°
Skyet
Svak vind
Søndag
Søndag Lett regn
Lett regn
Svak vind
eksamensfrokost

Surnadal vidaregåande skole melder:

Gratis eksamensfrukost

Surnadal vidaregåande skole tilbyr gratis eksamensfrukost til alle som skal ha skriftleg eksamen. Vi trur at ein god frukost før ein krevande eksamen er viktig for å kunne prestere best muleg.

Å ta seg tida til å nyte ein god frukost vil òg kunne gjere at du slapper meir av, så vi oppmodar elevane om å nytte seg av tilbodet i kantina.

Påmelding er ikkje nødvendig. Frukosten vil stå framme frå kl 8 - 8.45, og gjeld altså kun dei som skal ha eksamen den dagen.

Eksamensperioden startar måndag 20. mai.

Vi ønskjer lykke til!

Tips en venn Skriv ut