Kor1

Gøttj med kor

Sundagskveld var Kor-gøttj vertskap for konsert i Torshall, og sjølv om vèret var kaldt og utriveleg, fekk publikum varmen i seg i form av ein flott og variert konsert.

kor4.jpg

Dei frammøtte, drøye tretti i talet, fekk ein fin konsert med stor sjanger-spredning. Rock, pop, gospel, country og til og med ein marsj! For det var «Bruremarsj frå Lødingen» som opna konsert, og vart songe a capella medan koret vandra opp på scena. Deretter gjekk gjekk det slag i slag med bl.a. «Jackson» med Jostein Helgetun og Bettina Røen Helgetun som solistar, «Eye of the Tiger» , «Happy», «Stand by me»  for å nevne nokre.

Høgdepunktet var kanskje «Oh Happy Day» med Kari Nerbu som solist. Den lèt knakande godt! Men det var fleire som gjorde solide solistprestasjonar. Både Bjørn Børset, Bettina Røen Helgetun, Vibeke Langli og Berit Moan Møkkelgård, som i tillegg fungerte som konfransier og batt saman konserten på fint vis, gjorde gode solistprestasjonar.

Som vanleg var det Dagrun Løset som dirgerte med stødig hand, og med seg hadde koret Johanne Bjørkhaug på piano.

Trur ikkje nokon av publikum gjekk skuffa ut i haustmørkret etter konserten, og vi får berre håpa at det blir fleire slike konsertar og at det kjem litt meir folk, for det fortener koret så absolutt!

Tekst/foto: Karstein Mauset

Kor2.jpg

Kor3.jpg