Jonsvaka 14 Aktørane b

Godt besøkt Jonsvake

Jonsvaka 2014 samla mellom 80 og 90 i Åsskard kyrkje. Den midtsommarlege kulturkvelden ser ut til å ha eit trufast publikum. 

Midtsommarfesten starta med biletkåseriet "Mellom linjene" med Bernt Bøe der han tok for seg symbolikk frå "både kyrkje og kjøken" og viste at ikkje reint få av orda og uttrykka vi nyttar i kvardagen stammar frå bibelen. Og kven skulle tru at «hokus, pokus, filiokus» er ein vri frå nattverdliturgien?

Konserten "Frå stavkyrkjetonar til ny musikk" serverte vokal mellomalderstemning signert kyrkjekoret, før fiolinduoen Trond Harald Saltnes og Odd Sonntag spela 4 artige «kanons» av Georg Philipp Telemann: Nøyaktig same melodistoff, men med intervallstart, slik vi syng «Fader Jakob»! Både her og seinare passa feletonane og rommet godt i hop. Odd Sonntag var åleine i Bachs flotte «Gavott» - og gjekk trygt i mål etter eit krevande løp. 

Sigrid Vetleseter Bøe var forkjølt og måtte sløyfe sine soloarier. Men tilfeldigvis hadde ho besøk av medstudent Hilde Toresdatter Tangen, som steppa inn i eit av stykka, «Domine Deus» av Vivaldi, og song dette nydeleg! Dei sju damene i Åsskard Kyrkjekor strekte seg via Bach (Jesus, hjertets lyst og glede), folketonar (frå Sverige, Stangvik og Rindal) og dirigentens sjølvkomponerte «Til minne» (om bortkomne sjøfolk frå Åsskard) til to vakre og krevande (opptil 6-st.) motettar av Mendelssohn.

Spellmennene var ein snartur til Ungarn med tre Bartok-duettar før dei avrunda heilsvensk – med «Midsommardröm», «Farmors Brudpolska» og «Gotlandsk Brurmarsch».

Og ute på trappa vart det ekstranummer frå både feler og kor.

 

Jonsvaka 14 Aktørane b.jpg

Aktørane samla etter den 33. Jonsvaka i årrekkja frå 1982 til no. Damene frå venstre: Sigrid Vetleseter Bøe, Nora Vetleseter Bøe, Astrid Hyldbakk, Hilde T. Tangen, Kari Sæther, Kirsten S. Bøe, Inger Garthe og Randi Vetleseter Bøe. Mennene: Odd Sonntag, Trond H. Saltnes og Bernt G. Bøe. (Foto: Nonnon Heggem).

 

Jonsvaka Odd og Tr H.jpg

Odd Sonntag og Trond Harald Saltnes spela folket ut i sommarnatta frå kyrkjetrappa. (Foto: B.G. Bøe)

 

Jonsvaka 14 Ute a.jpg

Koret helsa "God natt" med "No kvilar skog og lundar". (Foto: B.G. Bøe)