Godt å likjast A SANDE Jo Sverre Foto Jens Westbye

Stammen og eplet:

Godt å likjast på

Suksessartisten Jo Sverre Sande har førjulsturne frå 26. november til 8. desember - med i alt ni konsertar. Etter Hemne og Lensvik syng han i Åsskard kyrkje torsdag denne veka. Så besøkjer han Løkken, Todalen (3. desember), Mo (4. desember), Oppdal, Sunndalsøra og Orkdal.

Tekst: Bernt G. Bøe

Ingressfoto: Jo Sverre er i gang med ein serie adventskonsertar. (Foto: Jens Westbye)
 

Den 28 år gamle rindalingen er blant dei mest spela radioartistane i landet og har alt ei lang merittliste – med blant anna Adresseavisens Musikkstipend for 2018. Jo Sverre arbeider no med sitt andre album og har delteke på mange store festivalar.


Musikalske tippoldeforeldre

Kor mykje genetisk arv betyr for musikalsk suksess, veit ingen. Kanskje tel eit stimulerande oppvekstmiljø like mykje. Og ikkje minst: Det må energisk arbeid til for at eit talent gir varige resultat!

Jo Sverre har nok det meste av dette. Men hans musikalske røter minner om uttrykket «Eplet fell ikkje langt frå stammen»!

Difor kan vi framheve tippoldeforeldra – Guri og Ola Romundstad. Heimen deira i Negarden var prega av song og musikk. Folketonesamlaren Edvard Bræin fekk melodiar hos Guri (1866-1944). Etterkomarane har hugsa henne for fascinerande forteljingar, lange kveldsbønner og ikkje minst dei vakre bånsullane ved senga.


Godt å likjast på!

Om Ola Romundstad (1864-1954) har eg høyrt at han investerte konfirmasjonspengane sine i eit trøorgel! Han lærte seg på eiga hand å spela  og var i rundt 40 år organist både i Rindalskyrkja og i kapellet på Skogen. Det finst både salmearrangement og andre notar etter han. 

Og så starta han eige kor. Dei sa at «Romundstadkoret» song så fint at folk strømma til kyrkja når dei deltok. Særleg på bededagane, for da song koret Litaniet fleirstemmig! 

Ola Romundstad dreiv også som snikkar, hagebrukar og var bygda sin «dyrlege». At han fekk Kongens Fortenestmedalje, var fullt fortent.

Jau da – det er godt å ha slike tippoldeforeldre å likjast på. Difor kan kvar og ein glede seg til konsertane hans Jo Sverre.

 

Godt å likjast B  Romundstad Ola og Guri Montasje.jpg
Ola og Guri Romundstad ville ha vore stolte av tippoldesønnen sin!

Godt å likjast C Romundstadkoret.jpg
«Romundstadkoret» rundt 1910. Tru om det ikkje er dirigent Ola vi ser som femtemann frå høgre? I alle fall tronar ein annan berømt rindaling, John Neergaard, i glas og ramme på bakveggen!