- Torsdag 09.02 Årsmøte i Rindal pensjonistlag
- Torsdag 09.02 Poengrenn i Bolme
- Fredag 10.02 Rindal kino: Norgespremiere: Pus i støvler
- Fredag 10.02 Rindal kino: Chronicle
- Lørdag 11.02 Rindal kino: Pus i støvler
- Søndag 12.02 Gudstjeneste Rindal eldresenter
- Søndag 12.02 Høgmesse Øye kyrkje
- Søndag 12.02 Familiegudsteneste Åsskard kyrkje
- Søndag 12.02 Rindal kino: Pus i støvler
- Søndag 12.02 Rindal kino: Chronicle
God tur - dersom du finn fram...
Etter å ha flytta tilbake til Surnadal etter 19 år, har eg hatt eit behov for å ”gjenoppdage” kommunen. Ein ting som har slått meg i den samanheng, er kor lite tilrettelagt det er for å ta seg turar i mange av naturområda her. Har du ”alltid” budd i Surnadal, har du nok lært deg kvar stiane til dei ulike fjella går. Men for ein som er nyinnflytta eller turist i bygda, er det faktisk ikkje berre enkelt å finne ut kvar stiane og løypene går, skriv Bjørn Tore Brøske i dette lesarinnlegget på Trollheimsporten.
Gjermund Holsæter har på bloggen sin på driva.no eit forslag om å marknadsføre sykkelruter i Surnadal, Rindal og Halsa som ein del av turistinformasjonen på nett og i brosjyrer. Dette er eit glimrande utspel, som eg håpar kommunane tek tak i.
Som Holsæter påpeikar, har slik synleggjering av tilbod også stor verdi for dei som allereie bur i området. Det som er opplagt for den eine, kan kanskje vere ukjent for den andre – og tilrettelegging for friluftsliv og trim bør vere ei prioritert oppgåve for alle kommunar.

Ei slik tilrettelegging bør etter mi meining også inkludere fjellturar. For på dette området manglar det også ein god del, i alle fall i Surnadal.
Etter å ha flytta tilbake til Surnadal etter 19 år, har eg hatt eit behov for å ”gjenoppdage” kommunen. Ein ting som har slått meg i den samanheng, er kor lite tilrettelagt det er for å ta seg turar i mange av naturområda her. Har du ”alltid” budd i Surnadal, har du nok lært deg kvar stiane til dei ulike fjella går. Men for ein som er nyinnflytta eller turist i bygda, er det faktisk ikkje berre enkelt å finne ut på eiga hand kvar stiane og løypene går. Skiltinga til fjell og turområder i retning frå sentrum og startpunkt er minimal. Merkinga av stiane er i mange tilfelle gammal/mangelfull, og det finst ikkje noko lett tilgjengeleg kart med oversikt over turalternativa.
Sjølv bestemte eg meg for å ta ein tur til Knyken i det strålande véret sist søndag. Det var mange år sidan sist, men eg visste at utgangspunktet var vegen opp til Skeisnebba hytteområde. Og dét var det bra eg visste frå før, for ved avkøyringa frå fylkesvegen er det ikkje nokon informasjon om at dette er starten på turen til Knyken.
Da det nærma seg enden på hyttefeltvegen, kom neste utfordring: Kvar startar eigentleg stien vidare til Knyken? For heller ikkje her er det noko tydeleg merking, og sjølv tok eg sjansen på ein sti som viste seg å vere feil. Det vil seie: Etter å ha bomma ein gong der denne stien delte seg, forsto eg etter kvart at eg var slik omtrentleg i retning Ranessetra, fordi eg veit kvar den ligg. Ved setra fann eg den merka stien, og resten av turen opp til Knyken gikk heilt problemfritt.
På returen vart den merka stien følgt, og nesten nede att ved hyttefeltvegen forsto eg kvifor eg ikkje såg dette utgangspunktet på veg opp: Ein ting er at det ikkje står noko skilt. I tillegg ser dei første 20-30 metrane ut som eit smått kaotisk, halvregulert myrområde, utan nokon klart definert sti. Og det første beskjedne, raudmåla punktet ved skogen, klarte i alle fall ikkje eg å sjå frå vegen.
Surnadal er ein Folkehelsekommune, og i kommuneplanen er turstiar og det å få folk til å bruke naturen, ei prioritert oppgåve. Privatpersonar og idrettslag har mange plassar i kommunen gjort ein kjempejobb, både med å merke løyper og få lagt plankar og stein der stiane har gått over myrer. Da må ikkje mulegheitene til å ta seg fjellturar bli redusert til noko ”hemmeleg”, ein aktivitet som berre kan drivast av dei som har budd i Surnadal heile livet og kjenner rutene frå før.
Så mange som muleg må kunne bruke den fantastiske naturen, men da må det også leggjast til rette for det. Å gå og leite etter ein sti, eller ikkje vere sikker på om stien du går på er den rette, trur eg vil verke avskrekkande på mange. Difor bør kommunen, næringsliv, grunneigarar og andre involverte finne ei løysing som sikrar god skilting fram til turstiane, tydeleg fargemerking i stiane og miljøgodkjente plankar som gjer det enklare å passere dei våtaste områda.
Den interessekonflikten som no har pågått i samband med Skeismarka-området - og som mellom anna har resultert i ein underskriftskampanje mot ny, merka sti og plankar – bør det vere muleg å løyse med dialog der fakta er viktigare enn følelser. Kanskje bør parkeringsplassane for turgåarane vere litt nedanfor sjølve hytteområdet. Kanskje bør stiane gå andre stader i terrenget enn dei gjer no. Det viktigaste må uansett vere forståinga for at naturopplevingar- enten dei er på tur til Knyken eller andre områder i kommunen – skal vere for alle.
Bjørn Tore Brøske




























