Picasa

God sommar - god avling

I år har alle hatt ein god sommar, også dei som haustar avling på jordene våre. Ein rundtur viser bilde som kunne vore tekne i mange av grendene våre. Arild Haugen tok seg tid til ein liten prat.

Heime på Haugen fekk vi høre at Arild hadde det travelt med rundballepressing. Han hadde ikkje ein gong tid til å komme inn til ein pause med nysteikte bakels, sa Tone - husfrua!

Vi fann han borte i ei bakkete ekre. 

Hadde han hatt ferie, spurte vi. Negativt svar. Trudde det vart nokre fridagar denne veka. Og så hadde han hatt nokre siestadagar da det var på det varmaste. Da var Rørvatnet godt å ha. Stupa ein ned på djupna frå stupetårnet fekk ein avkjølt seg litt. Så tok han på seg kjeledressen over våt badebukse for å halde ut under fjøsstellet, fortalde han.

I dag var det rundballepressing som var jobben. Arild såg engsteleg utover dalen etter regnskurene som truga. Det var ikkje flat mark der han heldt på, så han håpa han vart spara for regnet til han vart ferdig.

Under samtalen fekk har telefon frå dieselleverandøren. Han måtte fylle opp tankane igjen. Der gjekk det mange tusenlappar ut, for han kan ikkje betale med rundballar. 


Kjem det regn nede ved Skåkleiva?

Arild er siste aktive bonde før fylkesgrensa, men han har ikkje mista motet og arbeidslysta. Vi håper vaflane smakte når han kom heim, sjølv om dei ikkje var nysteikte lenger.

Regnet i dag gjorde at det vart ein pause i skuronna lenger nede i dalen, men Røv Mølle fekk noko korn i dag også etter ei helg med full skuronn.

Nedafor ser du bilde frå andreslåtten øvst i dalføret.






Tranen: Kven har lagt dette store egget?

Dei bilda som ikkje er frå Haugen, er frå Fosseigardane, Storholt, Gåsvatn og Lomundalen.