2015-11-27 14

God og fyldig 50-åring

Årsskriftet til Nordmøre mållag kjem med si 50. årbok i desse dagane. Den er illustrert med flytebrua mellom Aspøya og Bergsøya, kanskje som symbol på at dei vil gjere sitt til å binde Nordmøre saman.

2015-11-27 14.33.06_690x388.jpg
Årboka til Nordmøre Mållag jubilerer med 200 sider

Naturleg nok ser denne årboka attover på utviklinga på Nordmøre desse åra.

Som framsida tyder på, er kommunikasjon i brei forstand, eit tema i årboka. Vi får lese om fjordkryssingar og sydentur, men også om bokbåten og om kringkastingssjef Fostervold frå Nordmøre. Han innførte fjernsyn i Norge, sjølv om Reinsfjellet ikkje fekk sendaren sin før året etter at Fostervold gjekk av.

Eit anna tema som har fått plass hos 50-åringen er helse. Det engasjerer på Nordmøre i 2015. I årboka får vi lese om den desentraliserte helsetenesta vi hadde tidlegare, - både om lækjarskyss og jordmorskyss.

Vi finn også ein god del gode vers både frå etablerte lyrikarar og frå skuleelevar.

Personleg fall eg for dette rimet frå Randi Skrøvset Hatle:

Stat te

-  Kolles står det te?
-  Me me e det ikkje så verst.
-  Men kålles e det med kalla?
-  Jau, det skal e sei de:
Det står ikkje te
å få 'n te å stat te
kålles det står te.

Til slutt framsnakkar eg to språkpolitiske innlegg frå Trond Skogseth om språknøytrale kommunar og frå Sverre Hatle om stadnamn og skrivemåtar. Lesverdig!

Du mitt Nordmøre, årboka til Nordmøre Mållag, får du kjøpt i bokhandelen.
Lykke til med lesinga – du har 200 innhaldsrike sider å glede deg til!

2015-11-27 14.32.06_690x1227.jpg