Ane Reiten, Øyvind Reiten_350x272

Gjekk Nordmarksrunden, fekk gåvekort

Både Ane og Øyvind Reiten frå Halsa fekk ei overrasking da de kom til mål etter å ha gjennomført trimklassen under Nordmarksrunden søndag. Ane var nemleg trekt ut som vinnar av eit gåvekort på 3000 kroner, medan Øyvind vart den heldige vinnaren av eit gåvekort på 500 kroner. 135 deltakarar var med i trimklassen under årets Nordmarksrunde, medan 21 stilte til start i konkurranseklassen. Der vart Hallvard Løfald vinnar, med Lars Bakken Røen og Gjermund Løfald på plassane bak. Saka er no oppdatert med resultatlister og fleire bilder frå arrangementet.

Med fleire skiarrangement rundt om i distriktet samt ski-VM på TV, vart det ikkje den store deltakinga på årets Nordmarksrunde. Det var berre i juniorklassen det var reell kamp om plassane. Hallvard Løfald vant klart på dagens beste tid, medan det vart spurtoppgjer om andreplassen, der Lars Bakken Røen såvidt avgjorde føre Gjermund Løfald.

Komplett resultatliste kan du lese her.

135 trimmarar fikk ein fin tur på Nordmarka. I tillegg til Ane Reiten og Øyvind Reiten, vart også Steinar Gjøstøl trekt ut som vinnnar av gåvekort. Han fekk eit gåvekort pålydande 1000 kroner.

Klikk på bilda for større versjonar.

Ane Reiten, Øyvind Reiten_1024x795
Ane og Øyvind Reiten deltok i trimklassen, og vart uttrekt til vinnarar av gåvekort på 3000 og 500 kroner.
Stine Fiske, Sindre Fiske, Karin Sunde_1024x788
- Litt bakglatt, men ein fin tur, var oppsummeringa frå Stine (7) og Sindre (10) Fiske og Karin Sunde.
Tor Asle Ranes (t
- Det var lett og godt føre i dag, seier Ola Bruset (t.h.), som gjekk Nordmarksrunden for tiande gong. Her saman med Tor Asle Ranes frå funksjonærstaben i Surnadal IL.
Konkurransestart_1024x557
Konkurranseklassen samla i år berre 21 deltakarar.