Pudderføre
Pudderføre
Jon Bruset Gå til galleriet
Onsdag
Onsdag Delvis skyet
-2°
Delvis skyet
Svak vind
Torsdag
Torsdag Skyet
Skyet
Flau vind

Gaupe felt på Krangnes søndag

Årets kvotejakt på gaupe innanfor kvotejaktområdet i Møre og Romsdal er no avslutta etter at ein hanne på 13,5 kg vart felt på Krangnes i Surnadal søndag 7. februar. Gaupa som blei felt blei observert i lag med minimum ei anna gaupe. Vi reknar med at den felte gaupa er ein unge frå den ynglinga som blei dokumentert i Surnadal i 2009.

Gaupejakta innanfor kvotejaktområdet i Møre og Romsdal er difor slutt for 2010. Det er Fylkesmannen i Møre og Romsdal som melder dette.

Kvotejaktområdet er kommunane gamle Aure, Halsa, Surnadal, Rindal og Tingvoll samt den delen av Sunndal kommune som ligg nord for elva Driva. Elles i fylket er det kvotefri jakt på gaupe i februar og mars.

gaupe_scanpix
Gaupe felt på Krangnes i Surnadal. Illustrasjonsfoto
  • Digg this
  • Delicous
  • Myspace
  • Stubmleupon
  • Friendfeed
  • Tips en venn
  • Skriv ut
E-henvendelser: redaktor@trollheimsporten.no