Nils Ulvund, Gudmund Kårvatn, Trygve Roaldset og Magne Aasbrenn

Gamaldags å bruke mindre nynorsk

Nynorsk er på veg til å bli kult, og fleire bedrifter merker at å bruke nynorsk gjer at ein skil seg ut. Lokalt er Kårvatn Fjellutstyr eit prakteksempel på det, og er i år nominert til Nynorsk næringslivspris.

Noregs Mållag sin språkstafett er for tida på rundtur på Nordmøre, og torsdag var turen komen til Surnadal. Vertane i Surnadal Heimbygdlag kunne stolt presentere nyvald leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, som opna stafettmøtet med å reflektere over nynorskens plass i det offentlege rom, og særleg i marknadsføring.

 

Synleggjering

Nynorsk er synleg over heile landet i dikt, songar, romanar, på NRK og i nokre aviser og trykksakar. Men nynorsk manglar også fleire stader, og spesielt i privat finans- og forretningsliv, reklame og skilting, seier Aasbrenn.

- Å marknadsføre på nynorsk gjev gratis merksemd til bedrifter og produkt fordi ein skil seg ut – dette vil vi sjå meir av på Indre Nordmøre, seier Aasbrenn.

Han påpeiker at nynorsk dessutan står ovanfor ei pedagogisk utfordring, da mange elevar trur nynorsk berre finst i den gule ordboka.

- Vi må vise at nynorsk er eit skriftspråk som er i bruk i kvardagen til vanlege menneske, og gjere nynorsk meir synleg der elevane bur, seier Aasbrenn.  

Men det er ikkje berre utfordringar – noko positivt er i emning. Aasbrenn meiner det er snakk om ei haldningsendring i folk. I vårt fleirkulturelle samfunn blir vi kanskje meir bevisst på kva som er vår norske kulturarv. I leitinga etter kva som definerer kultur og identitet har språket ein sentral rolle, og det som er ekte, naturleg, patriotisk og kortreist blir meir og meir trendy.

- Det norske i det multikulturelle samfunn er i ferd med å bli kult, fastslår Aasbrenn.

Nils Ulvund, leiar i Ålvundfjord Mållag, seier seg einig i dette og meiner det er gamaldags for offentlege instansar, til dømes kommunar, å vurdere å bruke mindre nynorsk i offentleg samanheng.  

 

Velfortent nominasjon

Kårvatn Fjellutstyr er vårt lokale prakteksempel på bruken av nynorsk i marknadsføring, og er difor nominert til Noregs Mållags Nynorsk næringslivspris 2016. Utmerkinga skal heidre innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd, og årsaka til nomineringa av Kårvatn Fjellutstyr er mellom anna på grunnlag av bedriftas klåre line om at nynorsk skal brukast til omverda, nytilsette skal bruke nynorsk konsekvent, og at dette blir godteke også av bokmålsbrukarar.

Gudmund Kårvatn merkar tydeleg at som ein av få i sportsbransjen som brukar nynorsk, gjer nynorsken at bedrifta skil seg ut og får meir tillit.

- For oss er det heilt naturleg å kommunisere på nynorsk utad. Det er det som ligg nærast slik vi snakkar, og det er viktig i forhold til identitet og soliditet både i våre produkt og korleis vi framstår ut til folket, seier Kårvatn.

Kven som blir mottakar av Nynorsk næringslivspris blir avgjort neste fredag.

 

Ein kan alltid gjere meir

Det er ikkje berre på Kårvatn i Todalen at nynorsken er viktig. I Surnadal elles står nynorsken sterkt hos mange.

- Surnadalsdialekta fell i hop med nynorsk til gagns, seier leiar i Surnadal Heimbygdlag Trygve Roaldset.

Han meiner at sjølv om Surnadal er ein nynorskkommune kor språket er mykje synleg, kan det også gjerast meir. Sjå berre på vaksenopplæringa, kor innvandrarane får opplæring på bokmål, seier Roaldset:

- Det er kjøle gælle, dei hadde hatt godt av å lære nynorsk på skulen.

Han peiker på at born frå innvandrarfamiliar som går i nynorskklasser på skulen gjerne integrerer seg fortare enn born som berre får opplæring på bokmål. Det er med andre ord ingen ting som tilseier at det skal være vanskelegare å lære nynorsk enn bokmål.