kyr1 ingr

Går manngard for å få buskapen heim

Sivert og Kathrine Mauset sine kyr hamna midt i måndagens storflaum i Surna. Om lag 20 personar er no i gang med aksjonen for å leie skremte dyr heim att til garden.

Det vart tilløp til dramatikk under tysdagens aksjon der dei om lag 50 kyrne til Sivert og Kathrine Mauset skulle førast tilbake til heimgarden. Dyra snudde nemleg tvert om, og sette kurs nedover bygda, i staden for mot Mauseten.

– Buskapen var opprinneleg delt, men no har vi kontroll i den forstand at dyra er samla, men sjølv om vi var mykje folk frå starten av bars det feil veg ei stund, seier Olav Mauset, som deltek i aksjonen. Kyrne var ei stund på veg nedover i retning Honnstadkulen, men bøndene fekk snu på dei, og dyra er no samla ved Langhølen.

Arild Nerland, som og hjelper til for å få kyrne heim att, fortel at mannskapet raskt fekk kontroll på buskapen, som var splitta opp etter flaumen.

– Å samle dei klarte vi rimeleg raskt, men dei er naturleg nok oppskjørta etter gårsdagen, så dei tok til å gå i ring. Då nokre av dei tok til å verte utagerande overfor folk, fann vi ut at vi måtte gje dei tid til å roe seg igjen før vi gjer eit nytt forsøk på å få dei heim.

Nerland fortsett:

– Så no håpar vi at dei får roa seg ved Langhølen, så er vi 20 mann her, som skal gå manngard for å leie dei oppover. Forhåpentlegvis får vi dei då den drøye kilometeren oppover bygda som står att før dei er på plass der dei høyrer heime.

kyr2.JPG

kyr3.JPG

kyr4.JPG

Tips en venn Skriv ut