Surnadal vidaregåande skole illustrasjonsbilde

Går inn for å behalde elektrofag ved Surnadal VGS

Utdanningsutvalet i Møre og Romdal har hatt møte mandag 14. november. Eit klart fleirtal i utvalet gjekk inn for å behalde dagens struktur ved dei vidaregåande skulane i Surnadal og Sunndal. Saka blir endeleg avgjort i Fylkestinget i desember.

Leiar i utdanningsutvalet i Møre og Romsdal, Bjarne Storfold Elde (Ap), sier til Trollheimsporten at det var mange høyringsuttaler i saka, både frå skular og næringsliv, og dei var svært eintydige. Dette la utvalet vekt på. Eit fleirtal i utvalget, 8 mot 3, gjekk inn for å behandle dagens struktur ved Surnadal VGS og Sunndal VGS. Det vil seie at fleirtalet går inn for å behalde elektrofag i Surnadal og bygg- og anleggsfag i Sunndal.

Saka skal vidare opp for fylkesutvalet, og den endelege avgjera blir tatt i Fylkestinget i desember.

- Det er all muleg grunn til å tru at avgjera blir det same som utdanningsutvalet, sidan det var eit solid fleirtal for dette, sier Bjarne Storfold Elde.