- med eller utan kroppsøvingsfag på skolen

Fysisk aktivitet

Den opplæringa i kroppsøvingsfaget deltakarane på Senioruniversitetsmøtet i Surnadal hadde hatt på folkeskolen, ville neppe tilfredsstilt dagens læreplanar og krav. På møtet 30/9 fortalde Eivind Hasle at for jenter var ikkje kroppsøving obligatorisk fag i grunnskolen før frå 1936.

For gutar hadde det alt i 1860 kome inn i læreplanen ei formulering om at ”Naar Skolekommisjonen finder, at Omstændighederne tillade det, gives Drengene Veiledning i Gymnastik og militaire Øvelser.”

Men lenge sto det dårleg til både med lærarkompetanse og kroppsøvingslokale og –utstyr. Mange av møtedeltakarane hadde erfaring med kroppsøving i vanlege klasserom, og lærarar i hatt og frakk som instruerte i svømming eller fotballsparking frå sjø- eller elvekanten eller frå sidelinja på gardsplassen.

Svømming var eit eige tema – og i læreplanen var det alt i 1925 uttrykt ønske om at alle skulle lære å svømme innan dei hadde fullført folkeskolen. Her fortel tala både om geografiske og kjønnsmessige skilnader. I 1929 var det på Nordmøre 39,8 % av gutane i alderen 10-15 år som kunne svømme, medan det berre var 5,9 % av jentene.  Elevar øvst i Gudbrandsdalen og Østerdalen var dei dårlegaste til å svømme, medan elevane på Sørlandskysten var best.

Men sjølv om kroppsøvingsfaget i skolen ikkje var så viktig når det galdt å gi fysisk læring og aktivitet, gav skolevegen, leiken, friluftslivet og arbeidet likevel rikeleg med mosjon. Då er det vesentleg større grunn til å bekymre seg over situasjonen for dei unge i dag, meinte Hasle, som illustrerte situasjonen med statistikk over skolebusskøyringa i Nordmørskommunane. Det skal målretta tiltak til med satsing på gang- og sykkelvegar, pluss sterk satsing på fysisk aktivitet, for å rette opp skadeverknadene ved så mykje buss- og bilkøyring.

Møte 30.09_690x460.jpg

Kaffen etter møta er ein viktig del av samveret! Innleiaren, Eivind Hasle, nr 2 frå høgre. Foto: Helene Nergård.