fans_350x233

Fullt VM-show i Oslo for Torstein

Torstein Snekvik frå Kvanne fekk ein fullstappa Universitetsplass i Oslo med på allsong på "Svikter aldri igjen", da han var ein av artistane som underheldt under ski-VM tirsdag. Det TV-overførte showet vart vist i over 50 land, og MGP jr-vinnar Torstein måtte både før og etter showet skrive autografar til fansen. Sjå fleire bilder samt sjølve VM-showet ved å klikke vidare på saka!

Den direktesendte VM-konserten frå Universitetsplassen før medaljeutdelinga om kvelden 1.mars, var eit Melodi Grand Prix-show med The Lucky Bullets, Bjørn Johan Muri, Stella Mwangi og Torstein Snekvik .

- Ei fantastisk stor oppleving, seier mora Heid Snekvik, som har teke desse bilda for Trollheimsporten.

 Opptak frå konserten kan du sjå her.

Klikk på bilda for større versjonar.

fans_900x598
Mange fans ville seg seg autograf og bilde saman med Torstein.
dagen_derpå_900x627
På Universitetsplassen dagen etter den store konsertopplevinga.
Torstein_catwalk_900x467
Ein fornøgd Torstein etter VM-showet.
På pallen
Torstein på stadion testar ut øvste trinn på seierspallen.