Onsdag
Onsdag Skyet
Skyet
Svak vind
Torsdag
Torsdag Delvis skyet
Delvis skyet
Stille

Dialogmøte om Trollheimen

Friluftsliv, frivilligheit, vern og troll

Fredag var det stor samling av Trollheimsvenner i konferanselavvoen til iTrollheimen, Trollheimstunet, Helgetunmarka i Rindal. Det var Dialogmøte for Verneområdestyret for Trollheimen, Faglig Rådgivende Utvalg og Administrativt kontaktutvalg. Dermed var det folk samla frå to fylke og alle seks Trollheimskommunane.

IMGP1977.JPG
Hege Sæther Moen, Gøran Bolme, Øyvind Sørdal Klungre og Andrew Brownridge var sentrale innledarar på dialogmøtet

Programmet for dagen spente vidt, frå juridiske forhold kring tilrettelegging for ferdsel, via informasjon frå turistforeningane til digital formidling/guiding framlagt av fagfolk frå NTNU og Universitetet Nord, Steinkjer.

Frode Bergrem frå Trondhjems Turistforening orienterte om arbeidet i «sin» del av Trollheimen. Det kjem ei ny turisthytte i Naustådalen, men dei har ei utfordring med avstanden frå buss i Rindal til Trollheimshytta. Det skulle vore ei hytte mellom Rindal og Trollheimshytta.

Det blir registrert aukande interesse for turar i fjellet. Den må styrast ved å merke stiar for å frede resten av naturen.

2019-10-11 12.07.28 Konferanselavoen.jpg

Eirik Gudmundsen frå Kristiansund og Nordmøre Turistforening minte om at dei hadde vore borte frå Trollheimen ei tid, men at dei var med på oppbygginga av Trollheimshytta. No har KNT 157 senger i Trollheimsområdet, Todalshytta, Innerdalshytta, Eiriksvollen, Vollasetra, Vindølbu og Sætersetra. Det dreier seg om ca 3000 overnattingar i Trollheimen.

- Helse, friluftsliv og samarbeid by/land er ein viktig del av samfunnsansvaret til KNT, sa Gudmundsen.

Todalshytta er i ei bakevje, for det går ingen merka ruter derifrå no. Dei ønsker seg ei rute gjennom Romådalen men ny hytte, Snotbu, sør for Snota.

Vindølbu er eit utmerka utgangspunkt for å oppleve Trollheimen. 1,5 t frå parkeringsplass er perfekt for ein helgetur med to overnattingar og ein heildagstur.

Sætersetra er også eit fint utgangspunkt for Trollheimsopplevingar.

Gudmundsen snakka fram dugnad som oppleving for dei som er med. Det er utført mykje arbeid på dugnader i turistforeiningane. Ein periode bygde KNT ei hytte for året på dugnad.

Målsettinga for foreininga er å oppleve fjellet – overnatte. Dagsturar og toppturar er det andre foreiningar som får ta seg av.

Ragnar Halle hadde ei oppfordring til begge turistforeiningane om at det er viktig at dei informerer lokalmiljøa om arbeidet foreiningane driv. Da kan dei få verdifull hjelp av lokale bidragsytarar.

IMGP1973.JPG

Hege Sæther Moen, verneområdeforvalter i Trollheimen, delte tankar omkring samhandling og samfinansiering av tiltak omkring Trollheimen og innfallsportane frå dei ulike kommunane. Ho framheva tiltaka her på Trollheimstunet i regi av iTrollheimen som ei vellukka oppbygging av Trollheimen som merkevare. Dette har komme istand gjennom ei prosjektgruppe med deltakarar frå iTrollheimen AS, Helgetunmarka Grunneierlag, Rindal IL ved Turstigruppa, Rindal kommune og verneområdestyret for Trollheimen.

2019-10-11 11.24.36 Trollheimstunet.jpg

IMGP1990.JPG

Første runde av utbygginga i dette området ved Langvatnet er gapahuk (over), universelt utforma brygge, barnevennleg turmål, Trollheimstunet, servicebygg med toalett og syklar og kanoar til leige. Leige av syklar og kanoar skal bli administrert gjennom eit heilt nytt elektronisk system som El-Watch AS i Rindal skal utarbeide.

Syklane skal vere til bruk for alle frå parkeringsplassen ved Skavlia der det vil bli eit sykkelhus. Kanoane ligg ved Langvatnet, og vil være tilgjengelege for alle like eins som syklane.

Prosjektet fekk god støtte ved den årlege gaveutdelinga til Rindal Sparebank i år.

- Utan det gode samarbeidet mellom alle aktørane hadde ikkje dette vore muleg, seier Sæther Moen. Ho legg ikkje skjul på at samlokaliseringa med iTrollheimen er ein styrke, og nyttig for gjensidig informasjon.

iTrollheimen er alt ei formidlingsbedrift som verneområdestyret kan ha god nytte av.

IMGP1992.JPG

IMGP1982.JPG
Eit ungt par på trilletur til Trollheimstunet og gapahuken.

2019-10-11 12.43.51.jpg

Gøran Bolme, utdanna naturforvaltar og dagleg ledar for iTrollheimen understreka at det er berre lavvoen som er stengt i Trollheimstunet. Det andre er ope.

Bedrifta iTrollheimen opererer i Trollheimen, Home of the Trolls. - Bedrifta har både styremøte og stæntoille-møte, fortel han.

Han har lese mange bøker om Trollheimen, og dei tre bøkene til Harald Egil Folden om Trollheimen er bibelen om Trollheimen.

Namnet Trollheimen dukka opp i slutten av 1800-talet, og no skal vi stele trollet, seier Gøran. Tanken førte til handling. Etter ei tilfeldig guiding til badekulpane i Folda, der han laug ihop ei trollhistorie, hamna han etter kvart på møte med NTNU i Trondheim.

Tanken om eit Trollunivers voks fram. Trolla er dei eigentlege naturforvaltarane i Trollheimen Trollheimstrolla har namn etter dalane. Sjefen er Fold som bur i Folddalen, men vi har også Vindøl og Gjevil. Er Minill ei trollkjerring, tru?

2019-10-11 12.43.21 Gøran Bolme og.jpg
Gøran Bolme og Øyvind Sørdal Klungre.

På NTNU jobba Øyvind Sørdal Klungre med ein masteroppgave om digital Storytelling der troll fortalte om bilde i eit laboratorium. Skulptøren Ivar Rønningen teikna og laga trolla i plastisk leire som grunnlag for animerte figurar. Han skal seinare til Brisbane, Australia, for å presentere masteroppgaven sin internasjonalt. Vi fekk eit glimt av den i lavvoen. Vegen vidare for han og samarbeidspartnarane ved Universitetet Nord blir å få dette utandørs og GPS-styrt. Når ein har installert appen, treng ein ikkje nettilgang. Appen blir styrt av GPS-signala. Dette er eit forsknings-og utviklingsprosjekt ved NTNU. Dette har ikkje vore gjort før.

Fram til neste sommar skal ein arbeide vidare og bygge på dette prosjektet. Målet er å lage 7 GPS-baserte punkt frå parkeringsplassen til Trollheimstunet der ein møter troll som guidar oss gjennom ein app på telefonen eller nettbrettet.

- Trolla er ikkje så sure og dumme som mange trur, seier Gøran Bolme, - dei er musikalske også!

Surndalingen Henning Sommerro og æressurndaling Jon Pål Inderberg blir med på den musikalske sida, og slepp blir juni 2020 for dette.

2019-10-11 12.56.48 Andrew.jpg

Andrew Brownridge frå England (over), ass.professor ved Universitetet Nord i Steinkjer presenterte framgangsmåten han og gruppa hans arbeidde på for å digitalisere trolla som kunstnaren hadde modellert. Det var ei stor utfordring å koordinere rørslene til munnen med talen. Det er nok meir komplisert enn vanleg teiknefilm, men resultatet vert meir realistisk.

- Å få fram ansiktsuttrykk og auger var siste punkt og vanskelegast, sa han. Dei bruka mykje tid på det, for leppesynkroniseringa var viktig.

2019-10-11 11.25.05 Trollheimstunet.jpg

Det vi fekk sjå og høre i Trollheimslavvoen denne dagen var altså ein verdenspremiere på ein ny måte å formidle kunnskap og oppleving på. Publikum vil bli kjent med trolla og den kunnskapen dei har som eigarar av Trollheimen. Dermed vil dei truleg få eit nærare forhold til Trollheimsnaturen og vere medvernarar av den!

2019-10-11 14.12.54_690x920.jpg

IMGP1974.JPG

IMGP1975.JPG

IMGP1985.JPG

 

Britt Grete Moen og Irene Løfaldli.jpg

- Utan mat og drikke - Britt Grete Moen og Irene Løfaldli serverte potetsuppe til lønsj. Oppskrifta på suppa kjem i den nye kokeboka som Britt Grete har levert til trykk i desse dagar, men det var både lokalprodusert potet og fløyte i suppa!

Britt Grete Moen Trollkokke_690x1034.jpg
- og ute serverte Trollkokka bakels, og sjølvsagt TROLLkrem!

IMGP1988.JPG

IMGP1989.JPG
Trollheimstunet med konferanselavvoen og det nye servicebygget.

IMGP1991.JPG

Tips en venn Skriv ut