Fredrik fekk Kleivaprisen

Kleivaprisen 2015 vart tildelt 87 år gamle Fredrik Sjøflot for sin store og allsidige innsats som musikar i over 60 år.

fredrik sjøflot.jpg
Arkivbilde frå 2011

Forslagsstillarane seier dette om årets Kleivaprisvinnar:

• Han har til alle tider stilt velvillig opp når det har vori behov for ein dyktig musikar, eller i andre samanhengar der det var nok at han kunne gle andre med musikken sin.

• Som mange andre starta han tidleg opp som dansemusikar.

• Han har og lagt ned ein betydeleg innsats i teatersamanheng, der den største utfordringa nok var ”Trast i Taklampa” (musikk av Finn Ludt), med sine utfordrande melodilinjer og ”flukt” gjennom dei mest intrikate toneartar, som vart gjennomført på ein heilt ypparleg måte.

• Utanom dette har han stilt opp i alle mulege tenkelege og utenkelege samanhengar med klarinetten, blokkfløyta og den sjølvlaga seljefløyta si. At han og beherskar gitaren er vel ikkje så offentleg godt kjent.

• Han har aldri kravd betaling for speleoppdraga. For han har det vori løn nok at han har lykkast med framføringa og at folk har gledd seg over musikken hans.

• Størst innsats har han gjort i Surnadal Hornmusikk der han trass sin høge alder fortsatt er aktiv støttespelar. Som ledande førsteklarinettist gjennom over 60 år, har han hatt stort ansvar og mange store musikalske utfordringar, som han har gjennomført på ein framifrå måte. Som den perfeksjonisten han er, har han aldri gitt seg før alle melodiar, løp og passasjar har vori på plass.

• Hans musikkteoretiske kunnskapar er imponerande og overgår ofte det som ein finn hos profesjonelle musikarar. Med sin dyktigheit og store musikkunnskap har han og ofte bidrege med gode råd til dirigentar og instruktørar i innøvinga og framføringa av musikken. At han både teoretisk og praktisk er autodidakt (sjølvlært) er med på å styrkar beundringa for denne framifrå musikaren.

• Årets prisvinnar som er født i 1928, er det beste eksemplet på ein amatør, (som tyder å gjera noko for at ein elskar å gjera det ein gjer) i motsetnad til ein profesjonell (som gjer noko med det formål å tena på det ein gjer)».

• Mest kjent i dag er innsatsen han gjer på pensjonistmøter, og kvar fredag hos ”Eldre hjelper eldre”, der han så og seia utan fråvær har vori fast musikar sidan dei starta samlingane sine på Kulturhuset i 2002.

Fredrik Sjøflot og Per Olaf Lundteigen_690x518.jpg
Fredrik fekk overrekt prisen frå stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen. Fredrik var ikkje særleg overtydd om at han fortente prisen.

Fredrik Sjøflot og Lilly Gunn Nyheim_690x462.jpg

Med Lilly Gunn Nyheim og eit publikum som støtta juryens avgjerd!

 

Statuttane for Kleivafondet skal leggast til grunn for tildelinga. Under §2 står det mellom anna ”Formålet med fondet er å fremja kulturelle og lokalhistoriske føremål innafor kommunen, unnateke fotball og stjerneidrett. Forutan tildeling av midlar etter søknad, kan styret på eige initiativ gje stønad eller påskjønning til einskildpersonar som har gjort eller gjer ein innsats for kultur og bygdesoge på ulønt og frivillig basis.

Tidlegare Kleivapisvinnarar:

1998: Henning Sommerro
1999: Styrkår Brørs
2000: John Røen
2001: Jørgen Gravvold
2002: Bernt Bøe
2003: Famntak
2004: Alf Ramsøy
2005: Paula Ranes
2006: Ola Brøske
2007: Eistein Bæverfjord
2008: Holger og Kirsti Skei
2009: Svein Sæter
2010: Trond Larsen
2011: Dordi Skuggevik Tande
2012: Sverre Hatle
2013: Randi Lysø
2014: Svanhild Husby