Søndag
Søndag Skyet
Skyet
Stille
Mandag
Mandag Delvis skyet
10°
Delvis skyet
Flau vind
tp_leserinnlegg

Framdrifta av Surnadal helsehus og dei eldre

Arbeidet med planlegging og dimensjonering av eit framtidig «Surnadal Helsehus 2030» på Bårdshaugen skal halde fram, med både gjennomføring av byggeprosjekt på kort sikt og meir langsiktige utviklingsplanar. Dette har kommunestyret samrøystes vedtatt i møte 5. februar i år. Planarbeidet med oppføring av omsorgsbustader for 16 bebuarar i det aktuelle området er kome langt. Det er no like før anbudsprosessen er i gang.

Dei eldre er storforbrukarar av helse- og omsorgstenester. Derfor er det så viktig at Surnadal kommune sitt framtidige helsehus blir innretta på ein slik måte at denne aldersgruppa sine behov og interesser blir imøtekomne på best mogleg måte. Dei eldre sine organisasjonar og råd må på ein god måte få høve til å kome med sine synspunkt og innspel i den vidare planlegging og prosjektering av helsehuset. I kommunestyret si behandling av denne saka i møte 5. februar var det godt å høyre innlegget til den unge Sp-representanten Kari Børseth Evensen. Her var det skikkeleg god argumentasjon om kor viktig det er med medverknad frå dei eldre si side i planprosessar som dette.   

I følgje framskrivingstal frå Statistisk Sentralbyrå vil Surnadal kommune få ein sterk vekst i talet på eldre over 80 år i åra frametter. Få kommunar i Møre og Romsdal har større forventa vekst i talet på dei eldste eldre enn Surnadal. Når andelen av dei eldste eldre aukar vil også talet på demente personar i befolkninga auke. Slik også i Surnadal. Dette tilseier, etter underskrivne sitt syn, at talet på sjukeheimsplassar må haldast på eit forsvarleg nivå.

Surnadal kommune har på relativt få år lagt ned heile 28 institusjonsplassar. 15 av desse plassane kjem seg frå nedlegginga av Stangvik aldersheim. Surnadal har i dag 63 sjukeheimsplassar. 2 av desse plassane er dobbeltrom. Kommunen har hatt som målsetting å vri institusjonsbasert omsorg over til meir open omsorg. Dette er blitt gjort i betydeleg grad. Noko nedlegginga av institusjonsplassane klårt viser. I ei tid med forventa sterk vekst i talet på personar over 80 år bør ei tenkje seg godt om før ein går til det steget å leggje ned ytterlegare fleire sjukeheimsplassar. Dei pårørande sin situasjon må og takast på høgste alvor opp i dette.

Vi må ikkje gløyme at pasientgrunnlaget her, i stor utstrekning, er ein generasjon som har opplevd trettiåra, krigstida og etterkrigstida. Det har ikkje akkurat vore noko luksusliv for dei fleste. Dei eldste eldre pleie- og omsorgstrengande må vere sikra eit trygt og godt tilbod når situasjonen krev det. Samstundes vil eg peike på, slik eg ofte har gjort tidlegare, at Surnadal kommune gjennomgåande har dyktige fagfolk på alle plan som utfører ein framifrå jobb. La det vere heilt klart!


Johs. J. Vaag